Eit menneskeleg lys

Diktar og gjendiktar går opp i ein ny einskap.

Den kanadiske forfattaren Anne Michaels fekk eit internasjonalt gjennombrot med debutromanen «Som sand» (norsk utgåve 1988, ved Hanne Bramnes). Ho var då alt kjent som poet i heimlandet for sine to diktsamlingar. I haust kunne norske lesarar få møta poeten også på Hanne Bramness sitt norsk, som har den same sensible karakteren og avstemte balanse som Michaels sitt eige språk.

«Vekten av appelsiner» er ei meir sjølvbiografisk bok, med erindringar om familieliv og oppvekst, kjærleik, biletkunst og musikk. Det er ei stille glede å lesa dikta til Michales, då dei har dette forunderlege lyset til folk som verkar forelska i verda. «Her jeg står, naken i lyset frå kjøleskapet, forstår jeg det.»

Gruvedammen omhandlar mellom anna folk som Marina Tsvetajeva, Amadeo Modiglian, Karen Blixen og Kepler. Michael har ein heilt spesiell evne til å stilla saman detaljerte skildringar av hendingar med fortetta oppsummeringar av livserfaringar:

«Bare når det gjaldt kjærlighet var han kubist,» heiter det i eit langt dikt kring målaren Amadeo Modigliani. «Nå vet jeg hvorfor sjømenn synger./Havet er så stort at det svelger geometrien,/men ikke tiden,» står det i diktet om Kepler.

Når ein les Anne Michaels, er det med ei kjensle av å verta teken i handa og leia attende til det landet der ein først fekk kontakt med poesien. Ho er veldig nær med sinn og sansar i tekstane sine, sjølv om ho skriv om historiske personar.

Den norske versjonen har teke vare på veldig mykje av det beste i dikta hennar.

Anne Michaels tek modernismen i bruk, og pustar i dikta sine, og strekkjer ut sine reflekterande og presise utsagn slik at ein frys på ryggen, løfter blikket og tenkjer: «Jammen er det mogleg!»