Eit nasjonalmuseum for historie

UNIVERSITETET I OSLO

og Oslo kommune har lagt planar for eit nytt kulturhistorisk museum i mellomalderbyen i Bjørvika. I tidlegare avisinnlegg har eg argumentert for at dette museet må få ein breiare profil, og framstå som et nasjonalmuseum for historie.

I ein kronikk i Dagbladet 26.05.04 gjer direktør ved Norsk Folkemuseum, Olav Aaraas, framlegg om å samle universitetsmuseet og Folkemuseet på Bygdøy. Han karakteriserer prosjektet i mellomalderbyen som eit «udefinert museum i Bjørvika, lagt der av rene byutviklingsårsaker», og meiner at det er ei kommunal oppgåve å formidle historia frå dette området.

Men mellomalderbyen i Oslo dokumenterer nasjonal historie, og må vere eit nasjonalt ansvar, som Akershus slott og festning er det. Her lét kong Harald Hardråde reise ein kongsgard rundt 1050. I 1314 blei Mariakyrkja sete for kongens kanselli, og Oslo blei landets fyrste rikshovudstad.

Som kjent har dette området blitt kalla Nordens Pompeii på grunn av dei mange bygningsrestane frå mellomalderen. Kombinasjonen av mellomalderbyen og eit nytt museum med ei spektakulær vikingtidsutstilling vil utgjere eit museumskonsept som Bygdøy ikkje kan konkurrere med.

«Betegnelsen Nasjonalmuseum tilhører en svunnen tid og må legges bort», skriv Aaraas. Men han viser sjølv til det nye Nasjonalmuseet for kunst, og eg går ut ifrå at han ikkje meiner at dette bør avviklast. Som eg har skrive i tidlegare innlegg, skal eit nasjonalmuseum ha eit nasjonalt ansvar, men ikkje eit nasjonalt nærsynt fokus. Og eg har sjølvsagt aldri foreslått å hente inn kulturhistorisk materiale frå andre delar av landet til Oslo.

Alle dei andre nordiske landa har nasjonale historiske eller kulturhistoriske museum. Etter mitt syn er det no på tide at også Noreg forankrar det nasjonale ansvaret ved ein institusjon. Og mellomalderbyen i landets fyrste rikshovudstad er ei veleigna plassering av eit slikt museum.

EG DELER ELLES

Aaraas si vurdering om at framtida vil døme oss for dei vala vi no gjer. Eg håpar difor at vi om nokre år ikkje vil oppleve å sjå Nordens Pompeii som ein bakhage for bustadblokker i strandkanten i Bjørvika.