Klimastreik:

Eit nytt ungdoms-opprør er i gang

Mange tar bølgja og applauderer dei streikande ungdommane. Gretne gubbar i alle aldrar sutrar, syt, knurrar, freser og raser.

KJEMPER FOR FRAMTIDA: Streikende skoleelever med paroler utenfor Stortinget forrige fredag. Foto: Christian Roth Christensen / Dagbladet
KJEMPER FOR FRAMTIDA: Streikende skoleelever med paroler utenfor Stortinget forrige fredag. Foto: Christian Roth Christensen / DagbladetVis mer
Meninger

Ulf Leirstein, stortingsrepresentant for Frp frå Østfold, er i harnisk over at ungdom demonstrerer for klimaet i skuletida.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Politikaren, som tidlegare har uttalt at global oppvarming ikkje nødvendigvis vil vere negativt for Noreg, sa til Dagsavisen at det er uklokt at ungdom skulkar for å ha ei politisk markering. «Vi kan ikke ha anarki i norsk skole», slår han fast.

Fredag tok 40 000 barn og unge til gatene for å demonstrere for ein bærekraftig klimapolitikk. Eit nytt ungdomsopprør er i gang. Initiert av ei ung, svensk jente, Greta Thunberg. Kvar fredag har ho skulka skulen og demonstrert utanfor Riksdagen i Stockholm mot at svenske styresmakter ikkje gjer nok for klimaet. Ein håplaust naivistisk aksjon i utgangspunktet. No ei internasjonal rørsle.

Ikkje sidan 1960-talet har vi sett eit liknande ungdomsengasjement. Den gongen var det Vietnamkrigen som utløyste demonstrasjonar. Ein absurd krig der alle tapte. Det førte til generasjonskløft og skapte ein ny ungdomskultur. Eit engasjement som tvinga vaksne til å ta ungdom på alvor og som for alltid har sett fotavtrykk på historien.

For ein vêrflyktning vest for Afrika utan full tilgang til den norske nyheitsstraumen, er Twitter ein viktig arena. Der blir det aller meste delt, kommentert og diskutert. Ei uttømmeleg kjelde til inspirasjon for ein enkel spaltist som likar å meine noko om dette og hint.

Og eg kan love; det koker på Twitter for tida. Mange tar bølgja og applauderer dei streikande ungdommane. Gretne gubbar i alle aldrar sutrar, syt, knurrar, freser og raser over ungdom som dei meiner er misbrukte, skremte, hjernevaska offer, bondefanga til eit opprør dei ikkje har den minste peiling på. Framdyrka av lærarar, klimaforskarar og venstreradikale med ein agenda.

Stjerneargumentet deira, sjølve hald-kjeft-argumentet, er dette: «Nekt dei å kjøpe nye mobiltelefonar og å dra på sydenturar, så vil nok engasjementet fordunste som dogg for sola.» Det er nesten så ein høyrer sjølvtilfreds, rungande hånlatter kvar gong argumentet blir publisert.

Heile den mannlege, klimaskeptiske bøtteballetten til Frp har vore ute i alle fora. Med Frp i regjering har dei måtta bite tennene saman kvar gong partiet har vore med på å løyve pengar til klimatiltak. Ungdomsopprøret har gjort at dei no frimodig kan lufte klimaskepsisen i full offentlegheit igjen.

Og når ein trur dei har brukt opp alle dei mest heidundrande utspela i boka, sjå om det ikkje klarer å få opp måpefaktoren enda meir.

Denne gongen var det gruppeleiar for Frp i Asker kommunestyre, Pål Jacob Johansen, som sette standarden. Han posta ein bildemontasje med Greta Thunberg på Facebook. På eitt bilde ho og Lan Marie Berg. På det neste saman med ein Hitlerjugend. Til slutt eit bilde av ei som liknar henne, på fanget til Heinrich Himmler.

Det heile krydra med teksten: «Barn har alltid vært utnyttet i propagandaøyemed. Teknikken for å manipulere massene endrer seg ikke».

Johansen sletta etter kvart montasjen. Det likte slett ikkje Frp-leiar i Asker, Trond Ellingsen. Til Budstikka seier han at Pål Jacob Johansen har heilt rett. At barn er meget lett påvirkelege. Han påstår at dei fleste lærarar er venstrevridde før han leverer følgjande ordbombe:

«Vi har alle sett hva fanatikere kan få barn til å gjøre – ref de forferdelige scenene fra Syria der barn skyter eller skjærer hodet av bakbundne fanger»

Ein twitrar refsa også lærarar og skreiv at dei skal verne om barn og ikkje sende dei som menneskeskjold (!) til Oslo sentrum. Det ingen av dei har fått med seg, er at demonstrasjonane slett ikkje er igangsette av lærarar. Men nokon må dei ha å skulde på om offer-narrativet skal halde vatn.

Frp sin Roy Steffensen frå Stavanger fastslo, som Leirstein, at elevar har ei sjølvstendig plikt til å gjere det beste ut av skulegangen, og då får dei sjå til å møte opp. Etter demonstrasjonane twitra han at mediedekkjinga av klimaskulkinga var storm i eit vassglas. 90% av elevane var trass alt på skulen.

Han fekk promte følgjande svar: «Vel, foreløpig har de bare fått en brøkdel av medidekningen noen rabiate bompengemotstandere på Nord-Jæren fikk.»

Jon-dårlig-vær-hos-oss-også-Helgheim har igjen nytta høvet til å forsikra oss om at han ikkje trur på klimaforskarane.

På Twitter fekk vi òg denne tv-vitneskildringa: «Barna ble brukt av en uansvarlig presse, feige politikere og en pengekåt frivillig sektor.» Og ho føyde til: «Fravær av voksenansvar svir som nyttårsraketter i øynene.»

Det same sa mange vaksne frå sin høge hest under det forrige ungdomsopprøret. Den gongen var dei for opptekne med å krige til å høyre på dei unge.

Fråveret av «ansvarlege vaksne» er nettopp det som har fått den yngre garde ut i gatene. Dei er dritleie fine, silkeinnpakka ord og at ansvarlege vaksne er for travelt opptekne med å sette i gong meir oljeleiting, opne nye oljebrønnar og byggje stadig fleire motorvegar.

Det er lenge sidan Trond Viggo Torgersen kom med ei krystallklar oppfordring til barn og unge om å «Tenke sjæl». No har dei tatt han ad notam. Det er ufatteleg rart å sjå korleis mange av all makt prøver å kvele opprøret og lulle dei unge inn i Tornerose-svevnen att.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.