Eit skot i Larvik

DAGBLADET TAR på leiarplass opp den tragiske saka frå Larvik, der politiet skyt ein ung mann som opptrer truande med ei kjøttøks. Leiaren av Politiets Fellesforbund får gjennomgå, fordi han, ifølgje Dagbladet, går først i kampen for at politiet skal få tyngre våpen. Argumenta har vore knytt til at også Noreg må vera skodd til å takla slike kriminelle miljø som dei som viste seg fram i samband med NOKAS-ranet i Stavanger. Det er rett at Politiets Fellesforbund har kjempa for at politiet skal ha utstyr og metodar slik at dei er i stand til å takla dei profesjonelle kriminelle miljøa. Men det er og rett at me ynskjer at dette skal brukast i dei mest ekstreme situasjonane. På Politihøgskolen sine nettsider står det: «Vi søker deg som tenker annerledes når andres tanker har låst seg.» Søkarar som meinar det å tenka annleis er å dra fram våpen, kjem ikkje inn. I undervisninga vert det lagt stor vekt på at sjølv om politifolk har lov å bruka makt, skal dei forsøka å løysa saka utan. Om ein må, skal maktbruken vera minst mogeleg. Det inneber at etikk, strategi og taktikk i politiarbeidet er sentrale fag som tar mykje tid.

FORSKING VISER at norsk politi i stor grad når målet om bruk av minst mogeleg makt. Dei skadar særs få og nesten aldri ser me eit så tragisk resultat som i den omtala hendinga. Det er altså direkte feil det som Dagbladet hevdar, at politifolk i hovudsak vert trena i å løysa konfliktar med våpen. Men nokre situasjonar er ekstreme. Politiet skal verna publikum - og seg sjølve. Det kan gjera det naudsynt å bruka våpen. Det er særs vanskelege faglege og etiske vurderingar for dei politifolka som må stå ansikt til ansikt med ein person og vurdera om dei skal skyta eller ikkje, og i tilfellet kor dei skal forsøka å ramma - på nokre få sekund. Slike situasjonar er dei mest ekstreme i politikvardagen og det er dei som skil politiyrket frå alle andre yrker.