SVEKKA: –Dei siste åra er lærerprofesjonen sine vilkår for å gjere ein god jobb svekka, meiner kronikkforfattaren. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
<div><br><div><br></div></div>
SVEKKA: –Dei siste åra er lærerprofesjonen sine vilkår for å gjere ein god jobb svekka, meiner kronikkforfattaren. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix


Vis mer

Eit skulesystem prega av kollektiv angst

Fokus på smale målbare resultat har skvisa skulen sitt breie oppdrag ut på sidelinja.

Meninger

Lærarane er utslitne av meiningslaus overstyring, og kollektiv angst for å trakke feil hindrar pedagogisk utvikling. Den nye rapporten om «Fremtidens lærerrolle» kan vere eit lys i enden av tunnelen, men då må skuleeigar få opp augene for nye måtar å styre på.

Vi lærarar har i «alle år» kvilt oss på ein sterk posisjon i samfunnet definert av tillit, med lite krav om ettersyn og ansvarleggjering med omsyn til kva og korleis vi «produserar». Dei siste åra har vi fått kritikk frå mange hald som hevder at vi helst vil gjere som vi alltid har gjort, og at vi dermed har misbrukt metodefridomen vår til eigen fordel.

Den nye rapporten på 250 sider om lærarrollen argumenterer for eit styrka profesjonsfellesskap. Grunngjevinga for eit styrka profesjonsfellesskap er todelt. Det eine er at profesjonsfellesskapet bør ta sterkare styring for det faglege utviklingsarbeidet på skulen. Gjennom eit synleg og aktivt profesjonsfellesskap vil vi kanskje bryte den gamle fordommen om den privat-praktiserande læraren og utvikle gode felles grunngjevingar for praksis og variasjon i praksis. Det andre er at profesjonsfellesskapet skal yte motkrefter og forholde seg som gruppe til tidvis kunnskapslause og irrelevante forventningar frå omverda. Med eleven i sentrum må vi stå saman om denne ryddejobben og sortere skitt frå kanel.

Dei siste åra er lærerprofesjonen sine vilkår for å gjere ein god jobb svekka. Sist skulereform, Kunnskapsløftet (K06), var på mange måtar ein tillitsreform, der læraren sitt faglege skjøn skulle få ei sterkare rolle. Dette har blitt sett til side av omfattande styringssystem. Det som skulle bli ein skule styrt av profesjonelle pedagogar har blitt eit skulesystem prega av kollektiv angst, der det blir tatt få sjansar, og det blir heller styrt litt for mykje enn litt for lite.

I kommandolinja stat-fylke-kommune-skule vart det eit styrka fokus på leiing og styring av lærarane si verksemd. Det som av byråkratane stadig vert kalla «støtte» har i realiteten vore ei overstyring, der fokus på smale målbare resultat har skvisa skulen sitt breie oppdrag ut på sidelinja.

Vi har i samanheng med denne styringshybrisen fått ei rekke nye ord, som:

Internkontroll, vurderingssystem, organisasjonsanalyse, ståstadsanalyser og brukaranalyser.

Når skuler skal målast med same mål, har dette ein einsrettande effekt for skulen si verksemd. Det har vist seg at denne produkt- og kundeorienteringa gjer at undervisning (for) ofte er konservativ og lærebokorientert. System for kvalitetsmåling bremser dermed på utvikling og utprøving, med den risiko for feiling som det måtte innebere å emigrere til ukjende landskap. Dette har blitt gjort elegant greie for av Simon Malkenes i fleire innlegg i media, gjennom det han kallar «profesjonsparadokset»: den fridom og autonomi som lærarane fekk gjennom siste læreplanreform har blitt regulert vekk med evaluerings-, leiing og styringsmodellar som einsrettar undervisningspraksis.

Rapporten påpeiker at stram styring hemmar utvikling og nyvinning, og at mykje av den regulerte fellestida på skulen ikkje fungerer etter intensjonen. Misnøya blant lærarane over vekkasta tid er stor, og den tvungne samhandlinga har vist seg å ha liten påverknad for praksis. So lenge lærarane blir utsatt for meiningslaus og irrelevant tidsbruk i fellestida, blir undervisninga ståande på same stad.

Om profesjonsfellesskapet skal utvikle seg og finne oppdaterte og nye måter å undervise på, er det avgjerande at måten ein blir styrt på er meiningsfull og tett på elevane og lærarane sin kvardag. Rapporten påpeiker at om vi ikkje står saman som forvaltarar av kunnskapsbasen vår og som faglege fortolkingsfellesskap, held vi ved like eit tomrom som blir fylt med leiing og styring. Er vi defensive blir vi overkøyrte. Dette må vi ta til oss med to strekar under svaret.

Med dagens teknologi er det lett å utvikle faglige og pedagogiske nettverk som ikkje er avhengige av at vi sit i same rom som tretti andre til fastsette tidspunkt. Etter streiken i 2014 har lærarar for alvor oppdaga sosiale media for både intern nettverksbygging og ekstern kommunikasjon. Sjølv om det her har vore ei mengde språklege «arbeidsulykker», har det i hovudsak vore ei suksess, der vi har vist kva krefter og innsikter som er i profesjonen.

Det blir difor spanande korleis KS som skuleeigar oppfattar dette med «profesjonsfellesskap». Her må dei vise oss at dei har eit praksisnært perspektiv og at dei må dele eigarskapet med oss som faktisk gjer jobben. So langt har KS ikkje imponert. Direktør for utdanning i KS, Erling Barlindhaug, sa at rapporten understøtter viktigheten av det KS forsøkte å oppnå i 2014 – tid til å bygge sterkare profesjonsfellesskap.

Om rapporten i forsetjinga blir brukt av KS for å legitimere nok ein framstøyt for å legge lærarblodet i fastlagte røyrsystem i form av utmattande møteregimer og hypnotiserande visjonsbygging til faste tider, har ikkje rapporten blitt skjønt i det heile tatt. I 2014 hadde vi ein streik som sa unisont nei til overstyring og ja til at vi treng tid til sjølv å organisere arbeidet vårt for å førebu og gjennomføre so god undervisning som mogleg.

Om rapporten blir brukt til å legitimere eit system som vi ser ikkje verker, blir vi ståande fast, og vi kjem til å halde det gåande med streikar og stillingskrigar til Lucky Luke rir inn i solnedgangen for godt. Det profitterer ingen på, og energi som kunne vore retta mot styrka undervisning blir sløst vekk på vaksenleik, fiktivt eigarskap og nyspråk. Vi skaper ikkje «Fremtidens skole» med utgåtte styringsmodellar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook