HISTORISKE BAND: Opprørarane i Aust, her i Benghazi, har tatt tilbake kongedømmets gamle flagg med den osmanske halvmåna og stjerne og ein farge for kvar av dei tre provinsane Tripolitania, Cyrenaica og Fezzan, skriv kronikkforfattaren. Foto: AP/Scanpix
HISTORISKE BAND: Opprørarane i Aust, her i Benghazi, har tatt tilbake kongedømmets gamle flagg med den osmanske halvmåna og stjerne og ein farge for kvar av dei tre provinsane Tripolitania, Cyrenaica og Fezzan, skriv kronikkforfattaren. Foto: AP/ScanpixVis mer

Eit splitta land

LIBYA: Opprørarane held no kontrollen i aust, medan diktatoren har bitt seg fast i vest. Skiljet har lange historiske røter.

LIBYA ER I DAG delt i to. I aust ser opprørarane ut til å ha tatt kontroll over dei fleste byane. Hær og ordensvesen har desertert, eller rømt, grensepostane er forlatt. I vest og sørvest, derimot, har regimet bitt seg fast og så langt klart å slå ned protestar som var mindre organiserte enn dei i aust.

Dette skillet mellom aust og vest vil kanskje ikkje vare, dersom demonstrantane i vest klarer å slå tilbake og foreine seg med dei som nå held dei austlige provinsane.

MEN DETTE ER IKKJE noe nytt skille. Det går gjennom libyisk historie gjennom fleire hundreår. Ein kan til og med sjå det i geografien, ørkenen Sahara strekker seg mot nord og når heilt opp til Middelhavskysten innerst i Syrte-bukta. Vest for dette beltet, i Tripolitania, snakkar dei ein «maghrebinsk» dialekt som i Tunisia og Algerie og er kulturelt knytt til dei landa, i det austlige Cyrenaica snakkar dei beduindialektar som i Egypt, der mange også har slekt.

Dei to dialektane er langt på veg uforståelige for kvarandre.

Det osmanske riket slo sammen desse to provinsane mest fordi dei ikkje ville bry seg med å administrere det tynt befolka Cyrenaica. Innlandet var styrt av ganske sjølstendige stammar som hadde eit laust fellesskap i den religiøse Sanusi-ordenen, som fremma handel og mekla i kranglar. Men da italienarane koloniserte landet i 1911, var det beduinane i aust som tok leiinga i motstanden, og dei fekk sin lønn da FN i 1951 oppretta eit nytt kongedømme Libya: Sanusianes siste leiar, Idris, «emiren av Cyrenaica» vart gjort til konge over eit samla Libya.

Artikkelen fortsetter under annonsen

IDRIS (1951-69) bygde opp ein svak og fattig stat basert på eit aristokrati av stammeleiarar frå sin heimprovins Cyrenaica. Det langt meir folkerike og utvikla Tripolitania kjente seg tilsidesatt, og den føderale strukturen med tre nesten sjølstendige provinsar (Fazzan i sør er den tredje), kvar med si regjering, førte nesten til stillstand i landet.

Da oljerikdommen kom, vart svakheitene openbare, og Muammar Kadhafis kupp i 1969 møtte ikkje noe motstand.

KADHAFI SJØLV kjem frå ein sentral del av Libya, men han såg heile tida med mistenksomheit på provinsane i aust, der han frykta ein monarkistisk opposisjon frå dei gamle stammeleiarane som fortsatt er mektige i sine områder. Mens Tripolitania hadde følt seg forfordelt under kongen, var det nå Cyrenaica som vart ignorert og tilsidesett. Kadhafi godtok ingen opposisjon å komme til uttrykk, men at det var motvilje i aust var det ingen tvil om.

På 1990-tallet viste dette seg i at det voks fram ein islamistisk studentopposisjon som i noen år heldt gåande ein geriljakamp i fjella i aust, før dei tidlig på 2000-tallet la ned våpna. Det var arrestasjonen av ein advokat som hadde arbeidd for desse som utløyste opprøret i førre veke.

BANDA TILBAKE til det gamle ser vi i at opprøret har tatt tilbake kongedømmets gamle flagg med den osmanske halvmåna og stjerne og ein farge for kvar av dei tre provinsane Tripolitania, Cyrenaica og Fezzan. Dette flagget vart brukt i løynd i aust gjennom mye av Kadhafis periode og vart der eit symbol på Cyrenaicas autonomi, men er nå tatt i bruk av opprørarar i alle delar av landet.

KVA SKJER framover? Dersom ikkje noen frå militæret gjer eit kupp og setter Kadhafi på dør, så ser det ut til å vere to mulige vegar, ingen av dei særlig hyggelige: Enten klarer regimet å undertrykke protestane i Tripoli og byane i vest med militærmakt og befeste stillinga si.

Da må dei deretter gå til gjenerobringskrig av Cyrenaica, med dei midlar dei har til rådvelde. Det kan bli blodig.

Dersom derimot regimet fell sammen og Kadhafi må kaste inn handkleet, som kanskje ser mest trulig ut akkurat nå, kan det oppstå eit tomrom som blir vanskelig å fylle. Da vil nettopp mangelen på «nasjonal» einheit mellom dei ulike delane av landet bli eit problem. I dag ser altså opprøret ut til å vere bedre organisert i Cyrenaica, utan at vi har noen namn eller veit kven det er som har tatt føringa. Men folkefleirtalet er i vest, der også hovudstaden ligg, og ein balanse mellom desse regionane er nødvendig dersom Libya skal halde sammen som stat.

DET ER ALTSÅ ein fare for uklare og urolige forhold i landet dersom regimet fell og ingen raskt klarer å ta styringa i ein overgang eller på lengre basis. Her skiller altså Libya seg klart frå dei andre landa der det har vore opprør; i Tunisia og Egypt har det jo begge staden komme fram ei mellomløysing der delar av det gamle regimet (hæren i Egypt) held fram, men opnar for å sleppe den tidligare opposisjonen inn i styret av landet, i ein overgang som vi ikkje ser resultatet av enda.

I Libya er det vanskelig å sjå dette, ikkje berre fordi opposisjonen er delt, men også fordi «regimet» er så nær knytt til Kadhafi sjøl og hans familie. Det har vore forsøk på militærkupp tidligare, men vi veit ikkje om det finnes noe alternativ innanfor dei militære i dag som kan ta over makta.

EI MULIG «ny kraft» som kan ta styringa er ikkje ny, men gammal. Libya er sterkt knytt til stammestrukturane. «Stamme» er ikkje noe negativt ord i arabisk, det er sterk stoltheit knytt til å høre til ein stor qabila. Det er ein måte å strukturere samfunnet på, eit «stammemedlem» kan like gjerne vere ein funksjonær i ein by som ein bonde på landsbygda. Sjøl om Kadhafi prøvde å bygge ned desse stammebanda, er hans eigen Kadhadfa-stamme mellom hans få støttespillarar. Den er relativt liten, dei største stammene kan ha opp til ein million medlemmer.

SLIK KAN EIN tenke seg at slike stammeleiarar kan spille ei rolle dersom regimet fell sammen. Men stammar er jo heller ikkje einheitlige, det er noen på toppen som i noen tilfeller har dratt nytte av forholdet til Kadhafi, og andre som kanskje derfor drar deira autoritet i tvil. Det kan vere rivalisering mellom stammar, og innanfor dei.

Tradisjonelle strukturar som dette treng ikkje vere dei beste for å lage eit moderne samfunn.

Men likevel kan det godt vere at røttene til Libyas framtid ligg i fortida.  

DIKTATOREN VAKLAR: Dersom regimet fell sammen og Muammar Kadhafi må kaste inn handkleet, kan det oppstå eit tomrom som blir vanskelig å fylle, meiner Knut S. Vikør.Foto: Reuters/Scanpix
DIKTATOREN VAKLAR: Dersom regimet fell sammen og Muammar Kadhafi må kaste inn handkleet, kan det oppstå eit tomrom som blir vanskelig å fylle, meiner Knut S. Vikør.Foto: Reuters/Scanpix Vis mer