OVERFORENKLA:  Å lese Atle Simonsen sitt innlegg «Samvittighetssirkelen» i Dagbladet 3. juni er omtrent som å høyre FpU sin retorikk frå skuledebattane: Den er lettvint, overforenkla og blotta for rettferdsperspektivet, skriv artikkelforfattaren. 
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
OVERFORENKLA: Å lese Atle Simonsen sitt innlegg «Samvittighetssirkelen» i Dagbladet 3. juni er omtrent som å høyre FpU sin retorikk frå skuledebattane: Den er lettvint, overforenkla og blotta for rettferdsperspektivet, skriv artikkelforfattaren. Foto: Audun Braastad / NTB scanpixVis mer

Eit spørsmål om rettferd

Bistand handlar ikkje om å lette samvitet til rike nordmenn. Det er derimot eit spørsmål om global rettferd.

Meninger

La meg ta deg med på eit tankeeksperiment - du som meiner at alle menneske har same verdi. Uansett kvar dei bur i verda. Uansett kva statsborgarskap dei har. Uansett kva dei heiter. Uansett kva eigenskapar dei har.

Du har eit stort ansvar. Fordi du òg er i stand til å sjå at verda i dag ikkje er rettferdig. Du ser at det å bli fødd i Norge er omtrent som å vinne i Lotto, fordi nordmenn tilhøyrer den lille eliten av verdas åtte rikaste prosent som kontrollerer rundt åtti prosent av ressursane.

Du veit at kvart tredje sekund døyr det eit barn av svolt, og at det kvart minutt døyr eit barn av AIDS. Du veit at over åtte millionar barn døyr kvart år av sjukdommar som enkelt kunne ha blitt kurert. Du er i stand til å spørje deg om kvifor det er slik, og sjå at svaret ikkje er «tilfeldigheiter».

Svaret er politikk. Dårlig politikk. Verda er urettferdig fordi vi lar politiske strukturar halde menneske i fattigdom og undertrykking. Viss ein meiner at alle menneske har same verdi, og samstundes meiner at vi kan endre dei politiske strukturane som held menneske i fattigdom, ja, så har ein ikkje noko anna val enn å endre desse strukturane. Bistanden er eit av virkemidla vi har, sjølv om mange nektar å innsjå det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å lese Atle Simonsen sitt innlegg «Samvittighetssirkelen» i Dagbladet 3. juni er omtrent som å høyre FpU sin retorikk frå skuledebattane: Den er lettvint, overforenkla og blotta for rettferdsperspektivet. Han trur bistanden handlar om å lette samvitet til rike nordmenn.

Han tek heilt feil, for det handlar mykje meir om rettferd. I innlegget sitt seier Simonsen at bistanden ikkje har fungert. Det er i beste fall ein faktafeil, og i verste fall regelrett løgn. Resultata av norsk bistand er openberre. Eit eksempel som burde forbløffe sjølv liberalistar på høgrekanten i norsk politikk, er arbeidet med å bygge opp statsinstitusjonar i utviklingsland.

Norsk støtte til riksrevisjonar, skattestyresmakter, skulesystem og andre heilt essensielle berebjelkar i eit land har vore viktig. Eksempelvis brukte Norge åtte millionar kroner på å støtte opp om den zambiske skatteetaten i deira jakt på innbetaling av skatt frå utanlandske gruveselskap i Zambia. Etter samarbeid med den norske skatteetaten fekk zambiske styresmakter inn eit tidobla beløp av det dei fekk i bistand frå Norge. Eit eksempel som representerer dei mange resultata i norsk utviklingspolitikk.

Det er likevel verd å nemne at ein politikar som Simonsen, som på andre område er særs kritisk til at store ressursar brukast på rapporteringskrav og administrasjon, på bistandsfeltet ropar etter endå større resultatmåling. På eit felt der ein uforholdsmessig stor  del av ressursane allereie går til nettopp resultatmåling.

Vi burde vere meir opptekne av langsiktige endringar enn kortsiktige resultat som kan overtyde Frp-veljarar om at bistand har noko for seg. Simonsen peikar på at det er eit paradoks at Norge gir bistand til arbeid i Kviterussland, Kina og Brasil — som om norsk bistand er den same uansett kva land den er tiltenkt. Det er jo ikkje tilfellet.

I Kviterussland går ressursane til det omfattande demokratiarbeidet som mange grupper og organisasjonar driv der. Vil Simonsen at demokratiforkjemparane i Kviterussland skal klare seg med finansiering frå eiga lomme? I Brasil går bistanden til å redde regnskogen. Der er nok eg og Simonsen einige om at det burde gå over andre budsjett enn bistandsbudsjettet, fordi bistanden bør rettast mot dei aller fattigaste.

Likevel kjem ein ikkje utanom at det er ei global klimaoppgåve å redde regnskogen. Òg for Norge. Når det gjeld Kina må vi ikkje gløyme at fleirtalet av dei fattige i verda framleis bur i mellominntektsland. Det er fleire fattige i mellominntektslandet India enn det er i heile Afrika, til tross for at India har hatt ein enorm økonomisk vekst dei siste åra. Det same er tilfellet i Kina, som i tillegg har store demokrati- og miljøutfordringar.

Vi kan sjølvsagt velje å lukke augo for desse utfordringane, men ikkje viss ein meiner at rettferd er eit globalt ansvar. Vi må ikkje overforenkle utviklingspolitikken til å sei at bistanden er alt vi treng. Bistanden er berre eit av fleire verktøy i verktøykassa vår.

Men viss vi skal endre dei urettferdige strukturane som held menneske i fattigdom, kjem vi ikkje utanom at dei rike landa har eit ansvar for å skape rettferd. Det har lite å gjere med dårleg samvit, Atle Simonsen.