Eit språk språket ikkje forstår

Vakre linjer som famnar det mangetydige, vekslar med språkleg skuggeteater.

BOK:

Solen blir båret inn

gjennom en bakdør. Stivfrossen

som en måne

Med dette nærast haikuliknande fragmentet avsluttar Mehren sitt flotte dikt «Kosmos». Og sjølv om tittelen er typisk mehrensk, så er dette eitt av fleire fine dikt som bryt noko med den mest høgstemde tonen Mehren kan nytta når han tek for seg sine typiske tema: kosmos, død, tid, måne.

Kvinna som myte

Her er det snakk om ein mann som skal kløyve ved til omnen, og som må ut på holka og som «balanserer meg selv / og ligner et stolpete fugleskremsel». Og veden vert boren inn gjennom bakdøra i avslutninga.

I fleire dikt i denne boka ser me innslag av meir konkrete, nære, kvardagslege og/eller intime element som skitne truser, elgjakt, slektsstemner, om det å vera seksten år, og ikkje minst eit fabelaktig dikt om ei kvinne som sit overskrevs på sin fulle sovande mann og vekselvis kviskrar «jeg elsker deg» og «din jævla dritt» til han. Diktet famnar kvinna som myte, som menneske, som søster av månen og kjønn.

Det er vakkert og provoserande og tett inntil vår groteske kvardag, som eit måleri av Francis Bacon. Ja, det er mektige saker i Mehrens bøker, og dette er ei ny svær samling som oppfølgjer til den glimrande «Den siste ildlender» frå 2004. Igjen får me ei rekkje gripande linjer med ei eiga evne til fortetta erkjenning gjennom poetiske bilete som kan strøyme fram slik det undermedvitne fortettar erfaringar og spenningar i ein draum.

Forklaring

Utover i denne samlinga vert det likevel gong på gong tydeleg at Mehren kan vera sine eigne dikts motstandar, i og med at dei gode bileta må kjempa mot meir intellektuell og analytisk språkbruk. Det vert ein kamp mellom det levande og mangetydige bilete og den analytiske kommentaren.

Dette har jo ofte vore eit uttalt dilemma i Mehrens verk. Han er ein intellektuell som «besverger», slik Vold er ein entusiast som vil ha «besinnelse». Men denne gongen sviktar Mehren. Han har sjølv sagt at «verkene oppløser seg i våre forsøk på å begrunne dem. De får tale for seg selv». Men gjennom unødvendige kommentarar han skriv til eigne dikt bak i denne boka, øydelegg han mykje av relasjonen til lesaren. Når han skriv at «Her må det leses mellom linjene» kjenner eg meg grovt undervudert, og når han forklarer og forenklar kva det flotte og mangetydige titteldiktet kan bety, vert eg bare trist.

Slitesterke

Det er som om han har skrive om dette når han formulerer «timen da den ene / halvdelen av hjernen vår / spionerer på den andre». Det kan verka som om Mehren målar bilete for å sleppe unna omgrep, ord og analyse. Men eit språkleg bilete er også eit bilete. Det er jo når han skapar i tråd med sine mytologiske ressursar, og lar kvardagens observasjonar fylle ut mytebileta, at han skapar meisterlege bilete som er slitesterke og brennande vakre.

Også i denne samlinga gjer han heldigvis det, og me vert sugd inn i dikta av energistraumen og styrken i bilete og klang. Og det er det ein får glede seg over; at Mehren kan skriva skakande bilete om vår eksistensielle situasjon og strålande presist formulera seg om noko så gjennomdikta som månen, og få månedikta til å leva og syngja: «Den ligner en knokkel av forstenet lys.»