Eit sterkt brygg av krevjande poesi

Dikt med eit ukorrupt nærvær, skrivne frå innsida av ein av våre store poetar.

Arvid Torgeir Lie er no noko heilt for seg sjølv i norsk poesi. Her møter me ein poet som har teke opp i seg den europeiske lyrikken sine sterkaste impulsar, og på ein suveren måte omforma dei til eit heilt personleg uttrykk. Me kan sjå gjenklang av Gunnar Björling, René Char og Paul Celan. Men også ein drope Vesaas finst med i dette sterke brygget av krevjande poesi.

Boka i år tek opp tråden frå «Eksakthet, nærvær» som kom i 1995. Her finst dikt om eit magisk siffer med «magerhetens lys og skrattens rus», om kronblad og harmonikatonens glød.

Men mest handlar det om det å stilla seg framfor den eksisterande røyndommen og «foreine det nødvendige med det verdige». Med ei nærast taoistisk målsetning sirklar dikta seg inn mot det å sjå motsetjingane som samlevande par, til dømes som «det karriges overflod», og ikkje slik me er så vane med å førestilla oss dei i det som Sigmund Mjelve kalla «halvlivet, dobbellivet».

Soleksakthetens lys - ,

under myndigheten i sitt nærvær

førebudde det ingenting anna enn

ei røynd

Han stiller opp denne soleksakthetens myndigheit som motsetjinga til den herskande fjernhet. Soleksaktheten er ein ikkje-herskande herskar. Desse dikta har ein autoritet og stram tale som igjen og igjen kritiserar det «å late ein herskande fjernhet / fordrive det åpenbares mysterium». Men her er rg glede og «tremuntert lys».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik eg tolkar denne boka, har ho eit så inntrengjande bodskap - «eit ukorrupt nærvær» - som gjer det viktigast å finne dei rette orda - bokmål eller nynorsk vert uvesentleg.

Ut av dette stig det då eit eige ATL-språk som hevar seg over vanleg språkstrid og som med sine slangekvesande genitivs- s'-ar snakkar slik diktaren må og kan, glødande myndig og med ein original filosofisk musikalitet.