Eit tilbakeslag

VALD MOT KVINNER: Ein dom frå Indre Sogn tingrett nyleg har fått mykje omtale. Ein mann hadde sparka, trua og spytta på kona si, men vart frifunnen for valdsbruken av tingretten. Eit fleirtal meinte handlingane til mannen måtte unnskyldast, fordi kona provoserte han ved å seia at ho hadde vore utru og ville skillast. Dommen i Indre Sogn tingrett er eit tilbakeslag i kampen mot vald generelt og vald mot kvinner spesielt. Vald i nære relasjonar har vore eit satsingsområde politisk for den førre regjeringa. Stoltenberg-regjeringa vil vidareføre denne satsinga i følgje Soria Moria-erklæringa. I samsvar med dei politiske prioriteringane har politiet satsa mykje på å verta betre til å takla situasjonar med vald i heimen og oppfølginga av dei som er involverte. Politiet slit med at kvinner ofte ikkje vil melde saker der dei har vorte utsette for vald frå ektemann eller sambuar. Me veit samstundes at det er store mørketal av saker politiet aldri får vite om. Og me huskar at Riksadvokaten sjølv har gripe fatt i det låge tal domfellingar som kjem i valdtektssakar. Slike avgjersler som den i Indre Sogn hjelpar heller ikkje. Det at ein gjerningsperson vert provosert kan koma inn som ein formildande faktor og dermed ha innverknad på straffeutmålinga. Det meinar Politiets Fellesforbund er rett. Men me meinar og at ei fullstendig frikjenning, er å legitimera bruk av vald. Det er eit galt signal å senda. Politiets Fellesforbund har alltid vore ein varm forsvarar av lekmansprinsippet i dei norske domsstolane. I denne saka var det lekdommarane som ville frikjenne, fagdommaren ville dømma. Me ser at slike avgjersler kan svekka lekmannsordninga og vera eit godt argument for dei som ynskjer å fjerna heile ordninga.

FOR DEI MEDLEMMANE i Politiets Fellesforbund som arbeidar målretta og godt med valdsproblematikken, er dommen eit hardt tilbakeslag. Derfor burde politijuristen sjølv ha anka med ein gong. Men me er glad for at statsadvokaten nå har gjort det, etter at dommen blei kjend og fekk mykje negativ omtale. Me vil at rettsapparatet skal markera klart at vald aldri vert akseptert - verken ute i samfunnet eller i private heimar. Derfor ser me fram til behandlinga i høgare rettsinstans og håpar på ei endeleg avgjersle som tar klart avstand frå valdsbruk.