FORKJEMPARANE FOR LOVFORSLAGET meiner det vil vere meir effektivt å sleppe innsyn.Verst i klassen er justisministeren (NRK 11. mai), som seier at han er så utolmodig, skriver Anders Folkestad fra UNIO. Foto: Lars Eivind Bones
FORKJEMPARANE FOR LOVFORSLAGET meiner det vil vere meir effektivt å sleppe innsyn.Verst i klassen er justisministeren (NRK 11. mai), som seier at han er så utolmodig, skriver Anders Folkestad fra UNIO. Foto: Lars Eivind BonesVis mer

Eit trugsmål mot demokratiet

Ein allianse på Stortinget - H, AP, V, KrF og FrP vil gjere ulovleg hemmeleghald lovleg i kommunar som har innført parlamentarisme.

Meninger

No er det blitt politisk viktig å hindre innsyn i politikk! Ein allianse på Stortinget - H, AP, V, KrF og FrP vil gjere ulovleg hemmeleghald lovleg i kommunar som har innført parlamentarisme. Difor forseslår dei å endre Offentleglova. Saker som gjeld folket, må ikkje bli kjende for tidleg, er tankegangen. Det er grunn til å spørje om stadig meir profesjonelle politikarar ser på seg sjølv like mykje som bedriftseigarar som tillitsvalde for innbyggarane. Forslaget ble behandla i Stortinget i går - utan å ha vore på høyring.

Bakgrunnen er at byråda i Bergen og Oslo har «gøymt unna» saksdokument og saklister frå sine førebuande møte. I tillegg har dei forklart denne sivile ulydnaden med at dei er ueinige i lovtolkinga frå ei rekkje sentrale instansar. Først når sakene er på veg til vedtak, blir sakene fullt ut kjende for ålmenta. Og då er ofte også fleirtale «på plass».

I praksis inneber dette at innbyggarane ikkje får følgje saksgangen. Saker som nedlegging av skular, privatisering av barnehagar og sjukeheimar, sal av kommunale eigedommar kan altså vere komne langt før folk og media - og også tillitsvalde - får innsyn i og kan påverke sakene. Ofte er dette kontroversielle saker, og saker som er politisk vanskelege. Dei vekker engasjement. Eit engasjement folkevalde burde heie på. Debatt og deltaking er demokrati i praksis. Det som er eit trugsmål mot demokratiet, er at slikt engasjementet blir oppfatta som heft!

«Dette lovforslaget tar ikke Grunnloven på alvor», sa advokat Strømme, og har fått støtte frå kollegaer. Justisminister Amundsen meiner derimot at forslaget om å halde byrådsdokument vekk frå innsyn ikkje er i strid med Grunnlova.

Forkjemparane for lovforslaget meiner det vil vere meir effektivt å sleppe innsyn. Den same argumentasjonen blir brukt når regjering skal forsvare at ei rekkje saker blir sendt på høyring med (for) korte fristar. Verst i klassen er nettopp justisministeren (NRK 11. mai), som seier at han er så utolmodig.

Å vere folkevald er krevjande, og krysspresset - og tidpresset - kan vere stort. Eg kan difor ha forståing for behovet for å tenke høgt, både åleine og i lag. Men å vedta innsnevre innsyn er å innsnevre både demokratiet og rolla som tillitsvald. Dei folkevalde gjer demokratiet ei bjørneteneste viss dei lovfestar å halde korta tett til brystet. Det er innbyggarane sine kort det blir spelt med.