Eksamen i vassdragsvern

VÅRE VASSDRAG

gjev liv til landskapet, grøder og rike opplevingar. I ti tusen år har livet i elvane innretta seg etter den naturlege rytmen, vekslingane gjennom årstidene.

Dei norske elvelandskapa har knapt sin make i verda. Ikkje noko anna sak har samla så mange så lenge til forsvar for vassdraga. Dei mest dramatiske miljøkonfliktane i Norden har namn etter Mardøla og Alta. Etterpå såg alle at inngrepa var feilgrep.

I fjor var det 30 år sidan Stortinget vedtok den første verneplanen for vassdrag, i 1973. I vår skal regjeringa legge fram sitt forslag til det som kan bli den siste. Eit stort fleirtal på Stortinget har erklært at epoken for store utbyggingar er over, og at vi bør overlate resten av vår vassdragsnatur til framtida. Ikkje nokon annan sektor har i nyare tid endra meir areal og utarma meir natur enn kraftforsyninga. 70 prosent av våre største vassdrag driv turbinar. 20 av dei 25 største innsjøane er regulerte. 9000-10 000 kilometer elvestrekningar har fått endra vassføring og eit fattigare livsmiljø. Av dei 9 høgste fossane i landet er 7 utbygde. Norske elvar har blødd nok.

Naturvernorganisasjonane har levert Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet hundre namn på vassdrag som er godt kvalifiserte for vern. Nå er det opp til regjeringa å klare seg gjennom eksamen. Børge Brende og Einar Steensnæs har begge i artiklar og taler snakka varmt om vår store rikdom i sunne elvar. Elvane er vårt regnskogsansvar, seier Brende.

MEN NORGES

vassdrags- og energiverk vil halde vassdrag som har store og udiskutable verneverdiar utanfor, som Vefsna, Bjerkreim, Nausta, Gjengedalsvassdraget, delar av Tovdalsvassdraget og Garbergelva. Etter at Stortinget med stort fleirtal sa nei til større utbyggingar, kom NVE til omkamp med ei innstilling full av alle dei gamle innvendingane mot vern. Når Stortinget ikkje ser ny utbygging som noko vesentleg tilskot til kraftbalansen, svarer NVE med at dei legg til grunn «en begrenset utvidelse av verneplanen». Konkret vil det seie så lite som 20 prosent av den vasskrafta som er att. NVE ser ut til å ha funne tilbake til si gamle rolle som utbyggingsaktivist.

Etter hundre år med hard utbygging har vi større forbruk av elektrisitet pr. innbyggar enn noko anna land, og i tillegg stor krafteksport. Å berge dei frie elvane som er att, er ei av våre viktigaste naturvernoppgåver. Einar Steensnæs og Børge Brende har ein flott sjanse til å svare framtidsretta på det oppdraget dei har fått av Stortinget.