Eksplosiv elbil-vekst

Sensasjonelt mange elbil-prosjekt.

Meninger

Ingen i bilverda har lyst til å verte utkonkurrerte av jyplingen Tesla. Dermed vart sensasjonelt mange elbil-prosjekt lansert denne veka.

(Opprinneleg liste: Ashton Martin)

Medan eigarane har sove, har Tesla-bilar lasta ned ei ny programvareoppdatering som gjer dei i stand til å køyre stadig lenger strekk utan føraren si hjelp. Estimatet er at sjølvkøyrande bilar er tre år unna, teknologisk sett. Taxisjåførar gruar seg, køyrer i sinte demonstrasjonstog og tutar, medan folk utan lappen gleder seg.

Tesla har også annonsert at dei no, etter ei vellukka lansering av Model X, har flesteparten av folka sine i arbeid på Model III, den billige teslaen som skal gjere Tesla folkeleg. Dette, pluss ny batteriteknologi, pluss avsløringa av Volkswagen sitt utsleppsjuks, har gjort at bilbransjen no innser at det er eit race for å verte dominerande i elbilproduksjon. 

Hyundai har lekka fleire detaljar om sin komande elbil, som har ein kapasitet på 240 kilometer. 

Volvo har erklært at alle modellane deira vil vere tilgjengelege i plug-in versjon innan 2019

Aston Martin, det 102 år gamle britiske luksusbilmerket som ein ofte ser nær James Bond, har tydeligvis forelska seg i Teslaen sin "Insane mode"-aksellerasjon, og erklært at sportsbilen Rapide kjem i elektrisk utgåve allereie i slutten av 2017, i stor grad fordi den då kan gå frå 0 til 100 fort fort. 

ABB har lansert eit automatisert, snøggladande system for elektriske bussar.

Volkswagen har erklært at «the future is electric», og annonserer at luksus-sedanen Phaeton skal verte elektrisk i sitt nye presseskriv. Med 11 millionar bilar råka av utsleppsjukset har Volkswagen få truverdige strategiar igjen for å framstå som miljømedvetne, men dei satsar vel på å selge til "whatever"-segmentet. 

Mitsubishi har annonsert 4 komande plug-in hybridbilar, og CEO Osamu Masako sa samstundes at «mitt private syn er at det ultimate køyretøy for framtida er 100 % elektrisk». 

Lik Dagbladet Meninger på Facebook