INNSTRAMMINGSMINISTER: Sylvi Listhaug blei boren på gullstol inn i utvisingsdepartementet. Foto: NTB Scanpix
INNSTRAMMINGSMINISTER: Sylvi Listhaug blei boren på gullstol inn i utvisingsdepartementet. Foto: NTB ScanpixVis mer

Ekstremismens tidsalder

Sinnelag trumfar konsekvensar.

Kommentar

ÅRET SOM GJEKK sto i dei ekstremes teikn, de som har tolmod og vilje og aldri i livet går hen og selger sin store tanke, men kjemper til døden for den. Den islamske staten konsoliderte seg, Petter Northug gjenreiste seg i Falun, Sigve Brekke mangla to vekttal i Bø, Per Sandberg fekk lyst til å bli kongelig statsråd og Jonas Gahr Støre posisjonerte seg som sentrumsekstremist, mens opprustingsagent Jens Stoltenberg sørga for at NATO vann tredobbelt i kvinne-VM i handball.

ÅRETS SUPERHELT i halve kongeriket var Martin Kolberg. Han storspelte i Are Kalvøs farse på Det Norske Teatret i hovudrolla som leiar av Stortingets ukontrollerte konstitusjonskomite, eller var det ukonstitusjonelle kontrollkomité.

ÅRETS NAMN var ei kinking sak. Den bortgøymde og forteia islamkritikaren Hege Storhaug blei ikkje kåra i VG fordi dei sjekka henne for grundig. I Aftenposten blei den barmhjertige samaritanen frå Tøyen, Mohsan Raja, årets namn fordi dei ikkje hadde sjekka hans meiningar og pøbelfortid grundig nok. Sannelig seier eg dykk: Sinnelag trumfar konsekvensar, for vi er eit protestantisk folkeferd.

ÅRETS BLOGGAR var ei enklare kåring. Det måtte bli Radioresepsjonens «knulledokke» Sophie Elise Isachsen som er mot palmeolje og for silikon. Ho kom også på 11. plass på lista over Medie-Norges 50 mektigaste - etter ti usynlige og middelaldrande menn, men sju plassar foran norsk medieoffentlighets andre store ubikvitet, den allestedsnærværende Harald Stanghelle. Gratulerer også til dei to siste på venteliste B, facebook-baronane Jon Hustad og Kjetil Rolness, om dei for tida finn seg i å bli nemnde i same setning.

INNSTRAMMINGSMINISTER Sylvi Listhaug blei boren på gullstol inn i justisdepartementet. Ho er bitter og steil, utan frykt i sitt blikk. Sjøl om Mulla Krekar aldri kom til Kyrksæterøra, kan ho fornya Edvard Storms bygdevise for folk flest: «Oss ha gjort kva gjerast skulle, stramma inn og visa ut. Nå står att å kløyvja øykjom, setja lås for sæterdør».

ASYLVI SLYEHAUG er likevel eit hakk meir human i utvisingspolitikken enn den endå meir handfaste Per Sandberg. Då han var i sin tredje periode på Stortinget og blei kalla «bleik, feit og rik rasist» av ein asylsøkar på eit kranglete nachspiel, skalla han ned mannen. Etterspel: 3000 kroner i bot til Staten.

ÅRETS MEST UTSLITTE slagord er «større og mer robuste kommuner». Det var Jan Tore Sanners svar - uansett kva spørsmålet var. Men gulrøtene var for små og pisken for veik. Nå passar kommunaldepartementets retteprogram på at det heiter «naboprat» og «hverdagsregioner».

EKSTREMVERET blir meir ekstremt år for år, sjøl om Fremskrittspartiet fornektar at klimaendringane er menneskeskapte. Synnefloden ramma dei mest bedehustunge bygdene i dalstrøka innafor kysten Lindesnes Åna-Sira. I min barndoms dal sto kyrkjegarden under vatn. Klimaet trugar framtidige generasjonar, men også dei fortidige.