Elefanten i FrP-rommet

Denne sommaren har media fokusert mykje på FrP sin politikk om alt frå pressestøtte til opera til asylmottak. Eg trur folk gradvis får betre og betre kjennskap til partiet sin politikk. Men partiet sin EU-politikk er nok framleis ei stor tåke for dei fleste. FRP har ein tydeleg motvilje mot å diskutera EU, det er som den store, rosa elefanten ingen tør snakka om. Det som står i partiprogrammet for perioden 2005-2009 liknar ein drøftande skulestil som ikkje tør ta stilling, i frykt for å vekka reaksjonar frå læraren.

FrP sin EU-historie er ikkje oppbyggeleg lesnad. Under EU-debatten tidleg på nittitalet tapte partiet mange røyster, fordi ein ikkje var klar og tydeleg. Carl I. Hagen kom tidleg på nittitalet ut som klar EF-tilhengar, og det same gjorde partiet som heilskap. Etter kvart gjekk det opp for strategane at skepsisen mot EF og EU var utbreidd blant veljarane. Etter at Danmark stemte nei til Maastricht-traktaten i 1992 og meiningsmålingane om EU svingte over mot nei kom Hagen ut med det mildt sagt originale slagordet «Ja til EF, nei til union». I ettertid har dei fleste oppsummert forsøket på å sei både ja og nei som relativt mislukka. Likevel kan ein ikkje sjå vekk frå at det kunne gått endå verre: Hadde partiet sagt JA til EU ville mange av kjerneveljarane blitt både såra og vonbråtne. Hadde partiet sagt NEI til EU ville mange av dei aktive medlemmane, som er skulerte i frihandelsliberalisme og ihuga tilhengarar av det opphavelege EF, blitt desillusjonerte.

Frå ein FrP-ståstad kan eg forstå forsøket på å feia EU-saka under teppet. FrP vil neppe vinna veljarar på å stå fram som eit klart ja- eller eit klart nei-parti. Andre parti har eigarskap til høvesvis ja og nei til EU, i fyrste rekke Høgre og SP. FrP rekrutterer veljarar og medlemmar frå ulike sosiale sjikt som tradisjonelt har hatt ulike syn på EU. I Noreg fyljer EU-standpunkt i stor grad sosio-økonomiske og strukturelle skiljeliner. Det er mykje større sjanse for at ein ufaglært, lågtlønna, ung, kvinneleg arbeidar frå Nord-Noreg er mot EU enn for at ein middelaldrande, mannleg sjølvstendig næringsdrivande i Vestfold med høgt inntekstnivå er det. FrP står sers sterkt i mange klassiske nei-miljø, og like sterkt i mange klassiske ja-miljø. Nettopp difor har partitet lite å tena på å ta EU-debatten.

Sjølv om det er freistande for FrP å teia om EU, nyttar det ikkje i lengda. Etter neste val kan det godt henda at FrP sitt i ei borgarleg regjering, saman med Høgre. Jo fleire målingar som gjev Høgre og FRP reint fleirtal, jo meir avgjerande blir det at FRP seier klart til veljarane sine kva dei meiner om EU og EU-relaterte spørsmål. Kor Høgre står i EU-saken er vel kjent for dei fleste. Dei vil senda ein ny søknad så snart dei trur det er meir enn 60% sjanse for å vinna ei folkerøysting. La oss sei at målingane om EU fyrste halvår 2010 viser ja-fleirtal, og at strategar i Høgre byrjar å førebu ein EU-søknad. Kva vil FrP i så fall gjera? FrP sitt primærstandpunkt er at det må haldast ei folkerøysting før ein EU-søknad sendast. Om dei ikkje skulle få fleirtal for det – vil dei då stemma for å senda søknad? Eller vil dei stemma mot? Dette er det ingen som veit, og det er eit stort demokratisk problem.

EU-debatten handlar om meir enn sjølve medlemskapen. Til ein viss grad kan det forsvarast at FrP lener seg på resultatet av ei folkerøysting i dette spørsmålet. Men kva med alle dei EU-politiske spørsmåla som neppe kjem folkerøystingar i? Kva er FrP sitt syn på vetoretten i EØS-avtalen? Kan han brukast, eller er han berre til pynt? I tidlegare avrøystingar om vetobruk i Stortinget, som Gassmarknadsdirektivet og Matsminkedirektivet, har FrP stemt mot veto. I 2007 gjorde så Landsstyret i partiet det epokegjerande vedtaket om å gå inn for veto mot Datalagringsdirektivet. Vil det sei at FrP i tida framover er opne for å bruka vetoretten mot uakseptable EU-direktiv. Eller er det eit eingongstilfelle?

Dei siste åra har debatten om Tenestedirektivet vore ein av dei største EU-relaterte debattane i Noreg. Regjeringa er internt usamde om direktivet, og fristen for å ta stilling er ikkje før i desember 2009. Store deler av fagørsla, AUF og dei to minste regjeringspartia er mot direktivet, medan leiinga i AP så langt har vore positive. Regjeringa må velja mellom å bruka vetoretten, og tråkka Brussel på tærne, eller å innføra direktivet, og tråkka fagrørsla på tærne. Det har blitt spekulert i at regjeringa vil skyva på saka til over valet, for å unngå det vanskelege dilemmaet. Det kan føra til at ei eventuell ny regjering får saken rett i fanget. Kva meiner FrP i denne saken? Partiet sine vanlegvis så taletrengte stortingsrepresentantar har ikkje sagt stort om det.

FrP har tradisjonelt vore ein av dei varmaste forsvarane av EØS-avtalen. Men i Stortingets EØS-debatt 24. april sa Morten Høglund i utanrikskomiteen: «Ser utenriksministeren at det kan være behov for å løfte litt på lokket når det gjelder å diskutere EØS-avtalen - slik den ble skrevet for en del år siden, slik den eksisterer i dag? Kan veien å gå være å se på justeringer og endringer, og kanskje gå så langt som å se på reforhandling?». Det er for så vidt lovande tonar frå partiet, men kva meiner dei eigentleg? Det neste Stortingsvalsprogrammet til FrP må gje eit klart svar på kva dei meiner om EØS, og kva som eventuelt bør reforhandlast i avtala.

Utfordringa om å tala klart i EU-saka før valet går sjølvsagt ikkje berre til FrP. Sponheimen har sin eigen private tenkeboks å komma ut av. Men det ser i kvart fall ut som om han tenker og diskuterer med seg sjølve. FrP ser ut til å ikkje villa tenka på spørsmålet i det heile teke. EU er elefanten i FrP-rommet.

Me i Ungdom mot EU er ein partipolitisk uavhengig organisasjon. Me kjem aldri til å sei: «Stem på FrP» eller «Ikkje stem på FrP». Likevel vil me oppmoda partiet til å avklara ovanfor veljarane i god tid før valet kor dei står i denne viktige saka. Eg trur både EU-tilhengarar og EU-motstandarar ville ønska å vita dette før dei eventuelt stemmer på partiet.