Elegante observasjonar

«Vakre og varierte dikt framført med musikalitet og avstand.»

BOK: For ikkje så lenge sidan leverte denne poeten ei sterk gjendikting av Georg Trakl. Han har også gitt ut to diktsamlingar tidlegare, i 1990 og 2000.

Nå er han attende med eigne dikt under den kjølig overraskande tittelen «vinteroverrumplet». Det er jo slik at evna til ordspel og det å lage nyord, noko Vang kan til fulle, ikkje alltid fører med seg dei store poetiske gledene. Men Vang opnar vakkert, med allitterasjon og spenst:

blåvåken morgen

en dråpe fra drømmen

slipper taket

Sjølv om det her og der kan bli mykje velklang, kanskje også noko vagt, skapar dette andre stadar eit mangetydig innhald og ei interessant ladning av mange dikt. I ein del tekstar er det snakk om erotisk spenning skildra gjennom snapshots av situasjonar fletta saman med klang og rytme:

«havdråpenaken håret hennes kleber/til hodet» som det heiter i «afrodite sover».

Men i eit og same dikt kan det sprike når det gjeld presisjonen og kor gjenkjenneleg bileta er. «Eldstesønnen legger sitt liv på et fat» er eit stort og litt tomt uttrykk, medan «fireogtyve timer lyttende i luften» er presist og konkretiserande, og gjev oss sjansen til å oppdage noko ved det å vera eit menneske. Begge linjene står i same diktet.

Av og til skapar det elegante uttrykket ei kjensle av avstand til stoffet, men rett som det er sit ein att med eit sting av røynd.