DEBATT

Elleville dager

Vi vet at også fattige ligger og har seg med hverandre selv om årsinntekten brøler «Nei, nei!»

NORSKE HJERTER: Christian Tybring-Gjedde og Siv Jensen på Frps landsmøte på gardermoen i fjor.Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
NORSKE HJERTER: Christian Tybring-Gjedde og Siv Jensen på Frps landsmøte på gardermoen i fjor.Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Elleville dagar heiter det gjerne når kjøpesenter har kampanjar som skal lokke til seg kundar på jakt etter billege varer.

Elleville dagar blir det òg når Frp har «Ulv-ulv» kampanjar med billeg skremmmepropaganda om innvandring. Det var Siv Jensen som innleia det heile. Her kan eg fort gå på ein smell om eg blir faktasjekka. Rett skal vere rett. Det var Carl I. Hagen som innleia det heile då han for 31 år sidan sa at Noreg er i ferd med å bli overtatt av innvandrarar (den gongen òg!) og leste opp eit falskt «Mustafa brev». Men det var Siv Jensen som innleia vårens ellevill-kampanje.

På Frp-landsmøtet snakka partileiaren om at det ikkje hjelper same kor norske folk er på papiret om dei ikkje er norske i hjartet sitt. Det kompliserte med denne Fifty Shades of Norwegian tilnærminga, er korleis vi skal klare å «granske hjarte og nyrer» for å kartlegge norskheitsgraden. Kanskje ein gründer kan få oppdraget med å finne opp eit apparat a la blodtrykksmålar. Jo høgare trykk, dess betre. 220 over 160; heilnorsk i hjartet sitt. 120 over 80; takk for frammøtet.

I god tid før landsmøtet blei det norske folk informerte om at dei kom til å fremje forslag om forbod mot bønnerop frå moskèar. Den same ungen som avslørte at keisaren slett ikkje hadde klede på seg, såg seg forundra rundt og sa: «Ja, men, det er jo ikkje bønnerop frå moskear i Noreg!» Slike smålege omsyn kan ikkje eit parti i ellevill kampanjeflyt ta. Så dei vedtok å forby desse ikkje-eksisterande ropa. Ein på Twitter forsvarte vedtaket slik: «Vi kan ikkje la bønnerop dominere (!) Noreg fullstendig.»

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer