Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Elvedraumar

Dikt som ber ei motvekt mot mangt - på stram line.

BOK: Den nye diktsamlinga til Hildegunn Dale opnar med eit urbant foto av kaskadeanlegget i Kassel, velkjent for alle som har vore på Dokumenta. Det finst to andre foto i boka, og også dei har vatn som motiv, men i landlege og naturlege løp.

Vatn er sjølvsagt eit hovudmotiv i ei bok som heiter «Elvedraumar», men dette med draumane gjev straks ei kjensle av undermedviten flyt som òg er gjenkjenneleg i tekstane. Dikta handlar i tillegg om dikting og lesing sjølv om det ikkje er negativt påtrengjande metapoetiske perspektiv her. Dei nye dikta til Dale er bra og ofte betre enn bra. Dale maktar å laga poesi av dei enklaste ting, som å opna ein port når graset gjer motstand. Og av og til gjer ho nokre grep som skapar ein munter og surrealistisk verknad:

Ein fugl vadar inn frå havet

med hendene på ryggen.

Det er ikkje minst barndommens landskap og erfaringar som er kjelda desse dikta spring ut av. For det meste spreier dikta ut sitt vifteforma delta med fin flyt. Men det hender, som i debutboka, at det kjem eit skrivande medvit inn og skapar ein konstruert avstand, slik vatnet i Kassel er ein oppmura foss som på kveldstid er lyssett med grelt flaumlys. Det er ikkje det at Dale flottar seg med slåande bilete. Det gjer ho mest aldri. Men ein får av og til ei kjensle av at skrivinga held fram når erfaringane har runne tørre. Då vert det lett ei dramatisering av trivielle hendingar som det trivielle ikkje heilt kan tåla. Men for det meste er det grunnleggjande rolege erfaringar av å leva i høve til tida som går og det som er rundt ein, ei vesentleg motvekt til alt turbo-kapitalismen og postmodernismen vil at me skal vera. «Av alle dei eg kjenner, kan eg berre stole på dei/som veit om dette rommet,//det nye som spirer her:»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media