En blyg profet

Refleksjonar kring gudlaus tru, dikting og eld.

BOK: Steinar Opstad sine dikt opptek meg. Ikkje fordi eg på noko lettvint vis vil utrope han til «den største diktaren i sin generasjon» som andre har gjort. Nei, han opptek meg fordi han uroar meg. Fordi eg kjenner meg ekstremt ambivalent til dikta hans. Eller han gjer meg usikker på kva eg skal meine om dikta hans. Han skriv reflekterande tekstar, ja, nokre kallar det tankedikt. Steinar Opstad har fått fortent respekt for sitt prosjekt. Gjennom fem diktsamlingar har han utforska sin metode og stått fast ved det han byrja på. Ikkje slik at han ikkje endrar seg eller er rigid, men han har sett sin eigen dagsorden og held seg til den. Det gjer inntrykk, det får ein respekt for, og mange av dikta har sett merke. Han har også redigert eit diktutval og ein antologi og skrive artiklar om poetar gjennomsyra av kunnskap og forstand. Kva er det så som gjer at eg stadig merkar skiftande haldningar ved mottakinga av dikta i den nyaste, stramt komponerte samlinga, med alle dikta sette opp i 3 x 4 linjer? Han har etterkvart etablert eit dikt-eg som lett kan forvekslast med han sjølv. «- jeg forblir nok bare Steinar», skriver han i diktet «Tenk å få være abbediss». Men sjølv om slikt gjer at ein lett forvekslar det blyge dikt-eget med den sympatisk sjenerte forfattaren, held ein sjølvsagt desse frå kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Romantisk

Noko ved dei nye dikta held fram med å uro meg, og noko irriterer meg. Det startar på første side der det står «Senere skar jeg navnet mitt inn i skaftet/ og ble tatt opp i nattens laug av innrissere». Eg oppfattar dette som ei omskriving av det å ha vorte poet. Og eg merker at denne form for dunkelromantisk omskriving gjer meg litt uvel.«Nattens laug av innrissere» - det der nå eit merkeleg uttrykk. Det er så ein ser for seg munkehettekledte skapningar som bankar hemmelege kodar på dørene og slepp inn i «nattens laug». Første dikt opnar så med fynd og profetisk tone: «Jeg tror ikkje på saligheten/men på menneskene». Og dette diktet vert avslutta med eit spørsmål som er halde i same stilen, og der innhaldet er like banalt: «hvorfor er de dødes navn så mange/de levendes så få». Anten ein meiner å snakke om dei konkret døde, konkret levande, eller i meir overført tyding, at nokon held seg levande, medan andre er så sløve at dei nærast er levande døde, så er og blir dette temmeleg banalt.

Banalitetar

Det finst ein del slike banalitetar og tautologiar i boka; «33 baklengs blir 33 uansett», «Og døden er skjult for oss/men den skal vise seg/Derfor må den snakkes om», «Når jeg våkner/ leser jeg en ny dato» - sannsynlegvis er dette setningar og linjer sett fram med eit ønske å underleggjera det kvardagslege, å poetisera det alminnelege, men ofte lykkast det ikkje. Det verkar maniert og påståeleg. Høg tone på lågt innhald utan at kontrasten tek oss til eit tredje nivå. «Vi klynger oss til kors og sirkler/og søker forklaringa/ i alt som ikke finnes». Jo, jo. Det er unekteleg ein god del relativt velkjente tankar her, «uten at en bøddel hogger hodet av frelseren» er «if you meet Buddha on the road, kill him», med andre ord. Dette er den eine sida, den problematiske sida, av mi lesing av Opstads dikt. Den noko opphøgde og sjølvhøgtidlege posisjonen som poeten vert ståande i utan å underbyggja det med tankestoff som gjer inntrykk. Og dette er vel og merka ikkje ein kritikk av den høge stil.

Brennande

Men så er det bare det at Steinar Opstad er i stand til å skrive ein del dikt og linjer som er høgt heva over den kritikken eg gir, fordi noko skjer. Brått fatar elden i dikta («Poesiens ærend er ildens») og han skriv fram ting som har så tydeleg poetisk kraft og så openbart ikkje kan reduserast til nokon religionsfilosofisk forklaring eller kommentar, eller «tankedikt». Det er linjer som bare står der og dirrar og provar seg sjølv. «å dikte er å drive flammene/tilbake under jorden». Og dette gjer det verdt å bruka tid på desse dikta, lesa om igjen, og finna desse få kratfulle linjene som liksom trengjer seg opp av alt det tenkte og uttenkte, og som brått overtek rørsla og får språket til å verta mangetydig og merkeleg og bileta til å driva inn i meg med eit merkeleg eige liv: Mellom oppstigningen og nedstigningenblir min sjel en fjæren fugl brenner i det blåog himmelen åpner seg i flammen