«PJAT OG TØV»: «Bøkene må være fylte med pjat og tøv, intetsigende som leserne. Litt søtladen sentimentalitet virker beroligende deilig — som morfin», skrev Kristofer Uppdal i 1913. Han diktet i fattigdom og var stolt av det.
Foto: Aage Storløkken/Aktuell/NTB Scanpix
«PJAT OG TØV»: «Bøkene må være fylte med pjat og tøv, intetsigende som leserne. Litt søtladen sentimentalitet virker beroligende deilig — som morfin», skrev Kristofer Uppdal i 1913. Han diktet i fattigdom og var stolt av det. Foto: Aage Storløkken/Aktuell/NTB ScanpixVis mer

En fattig rallar som langet ut mot kommersielle bøker

Penger i fokus på Litteraturfestivalen. Dikteren Kristofer Uppdal tok debatten for 100 år siden.

Kristofer Uppdal, rallaren som vart stor diktar, hevda å stå for det varige, enda om få kjøpte bøkene hans og las han. Han spådde at ettertida ville bli på parti med han, at hans livsverk kom til å leve lenge, mens mange knallperler i samtida ville vere fort glømt.

Så kva overlever og kva forsvinn med dagen - året, tiåret? Kva for diktarar blir ståande, ut over si tid?

Kulturkrigar Uppdal forakta den reine underhaldningslitteraturen, og kulturkrigar som han var, sa han frå om kva han meinte om kommersialisering av forfattaryrket, ei utvikling han hevda heldt på å tvinge seg fram, etter press frå lesarar som ville ha meir og meir kilande underhaldning. Desse pressa diktarane til å skrive for lommeboka.

«Dikterne må rette seg etter publikums ønske, og publikum er de som har råd til å kjøpe bøker. Og de som har råd til at kjøpe bøker, kjøper til sine døtre, til tidsfordriv for dem og til jule- og fødselsdagsgaver. Og da bør det selvfølgelig være vakre bøker der solen skinner, bøker som ikke formørker det muntre sinn eller vekker ettertanke (...) Ve den dikter som ikke bøyer seg!»

Dette skriv han, på riksmål, i 1913, Social-Demokraten i Kristiania. Han hadde da nettopp slått gjennom.

DIKTERHULEN: Hjemme hos Kristofer Uppdal på Oppdal i 1959. Foto: Aage Storløkken/ Aktuell/NTB Scanpix
DIKTERHULEN: Hjemme hos Kristofer Uppdal på Oppdal i 1959. Foto: Aage Storløkken/ Aktuell/NTB Scanpix Vis mer

Arrogant langa han ut dei som ville ha bøker som rein tidtrøyte, i så tilfelle gikk det tilbake med litteraturen:

«Bøkene må være fylte med pjat og tøv, intetsigende som leserne. Litt søtladen sentimentalitet virker beroligende deilig - som morfin. Fra å være en tuktende svøpe over samfunnet blir litteraturen mer og mer en handelsvare, avpasset etter folks smak, en luksusvare til pynt i bedre hjem.»

Men det gikk an å nekte å la seg dirigere:

«Der er alltid enkelte få sterke som går sine egne veie. Og som holder litteraturen oppe.»

Nyskapande Uppdal skulle stå ved standpunktet sitt heile livet, motstanden sin mot «juleboklitteraturen». Dei seriøse diktarane skulle skrive ord til ettertida, og det var ikkje eit lite ansvar. Han formulerte seg slik om den nasjonale litteratur:

Foto: Aage Storløkken/Aktuell/NTB Scanpix
Foto: Aage Storløkken/Aktuell/NTB Scanpix Vis mer

«Et folks nasjonale litteratur er på én gang en utstrømning og avspeiling av et folks nasjonalkarakter».

Under 1. verdskrigsåra steig Uppdals ry i samtida, han hadde da bak seg fleire nyskapande romanar og diktsamlingar, han er litteraturkritikar og debattant med ei kvass, hoggande penn, han er i vinden som få. Like fullt er han lutfattig, treng stadig å bomme pengar av venner. På same tid held han fram kritikken sin av all kommersiell tenking.

I 1919, i den leiande nynorskavisa Den 17de Mai, skriv han om det han forakteleg kallar «handverkarlitteratur», og «skrapbøker», desse som er «utan verde utom dagen i dag.»

På marknadstorget er det ingen skilnad på denne litteraturen og den eigentlege, sukkar han, den forfattaren har strevd seg fram til - utanom ein ting da, at «skrapboka blir seld i fleire opplag.» Haldninga er steil på vegner av kunsten.

«Stein Riverton-forfattarane» Han sette namn på dei litterære handverkarane, døypte dei «Stein Riverton-forfattarane», dei skumma fløyten av litteraturmarknaden, og reiv unna grunnlaget for dei som tok samfunnsoppdraget, stod i med djupare spørsmål, som brynte lesarane. Men utakk er verdas løn:

«Berre dilettantane mellom forfattarane tener no på bøkene sine (...) Og dilettantane byrjar sjå på dei verkelege forfattarar som ei skam for forfattarlaget. Og andre ser på dei som ei skam for samfunnet. For tener ein ikkje pengar no, so er ein ei skam».

Hundre kroner frå Garborg Uppdal bur i Asker i denne tida, ikkje så langt frå det velståande Garborg-paret, Arne sender sin diktarvenn noen hundre kroner ei jul, nokså mye pengar den gongen, utan at Hulda veit om det det, enda ho er ei slags beskyttande venninne for Uppdals kone og tar litt vare på henne. Uppdal-paret bur i ei knøttlita stue, Hulda synest det er smått stell i heimen og at Uppdal haustar lite for mye slit med skrivebordet. Han haustar derimot frukt, dyrkar frukt i den store hagen sin, i mengder, som han sel på torget i Asker og på kaia på Landøya for å få småinntekter, det held liv i familien når dei er pengelause og det er dei alltid. Han går i minus til forlaget sitt kvart år.

Forskot får han stadig vekk og gjelda stig. Kva er det som får forlagssjef William Nygaard i Aschehoug til halde denne sta, vanskelege, til tider rusa og svermeriske, modernistiske poeten i kosten, denne kverulerande debattanten og merkverdige ekspresjonistiske romanforfattaren, som kom seglande inn til hovudstaden frå eit rallarhelvete ingen rik mann i landet før hadde visst fantes, og tok til å dikte om det?

Er det det at Nygaard ser skilnaden på ein diktar - og ein bokskrivar?

For dette er ramsalt, ofte heilsvart dikting. Kristofer Uppdal vart framfødd av forleggjaren sin. Til ei avis svara han slik på spørsmål om korleis han greidde seg økonomisk:

«Dersom eg ikkje hadde hatt ein so skjønsam forleggjar som W. Nygaard (Aschehoug) å gå til, so hadde det vore slutt for lenge sidan.»

Han opplyste like godt i same slengen kva han syntest om livet sånn generelt, korleis det drog i veg:

«Får svara som mannen — han dreiv feste eit reip under taket, skulle hengje seg, han såg ikkje lenger noko råd med å greie seg. - Jau takk, eg heng no i til det siste då! svara han.»

Denne vinteren 1919/20, samstundes som han med svart humor slik skildra livet, dikta Kristofer Uppdal sin største poesi, diktsamlinga Altarelden kjem ut, med diktet «Isberget», (trykt første gong i Dagbladet 3. januar 1920), kanskje hans hovudverk.

Paranoia og mørker Bølgjene frå verdskrigen slår mot vestens sivilisasjon, verda har mist framtidshåpet. Einast ulykke og einsemd er att. Alt er isolasjon, bildebruken er upoetisk, dikta liknar kampesteinar, skriv ein einsleg kritikar. Boka er unorsk. Publikum vil naturlegvis heller ha Wildenvey og Bulls elegante riksmålsvers.

En fattig rallar som langet ut mot kommersielle bøker

Uppdals fremste dikt blir ei attlaten bok. Han sklir ut i paranoia og mørker. Snart teier røysta også. Etter eit Gaustad-opphald, tar han farvel med si samtid og flyttar opp under Dovrefjell og blir der. Der sitt han i tretti år, for evig taus. For ettertida skapte han stor, komplisert kunst.

• Arild Bye er forfatter og journalist. Han har skrevet biografien «Kristofer Uppdal, Ein mot alle» og er aktuell med Uppdal-antologien «Kamp — sakprosa i utval».