STJERNETUNGT: Starmus-grunnlegger Stephen Hawking var på gjestelista, men måtte melde avbud. Her under Starmus III på Tenerife i juni i fjor. Foto: <span style="font-family: inherit; background-color: inherit;">Derek Storm / Splash News</span>
STJERNETUNGT: Starmus-grunnlegger Stephen Hawking var på gjestelista, men måtte melde avbud. Her under Starmus III på Tenerife i juni i fjor. Foto: Derek Storm / Splash NewsVis mer

En overflod av romfartsfestivaler

Akkurat nå er det gøy, og frustrerende, å være interessert i romfart i Norge.

Meninger

Spaltist

Øystein Runde

er forfatter og illustratør. Hans siste bok er faktaboka "Stamceller - kroppens superheltar". Han viser fram tinga sine på www.oysteinrunde.no

Siste publiserte innlegg

For denne veka har Starmus-festivalen, ein fantastisk romfart-, musikk- og kunst-festival grunnlagt av mellom andre astrofysikar Stephen Hawking og Queen-gitarist Brian May, for første gong IKKJE tilhald ved eit svært solrikt stjerneobservatorium på Tenerife, men i staden i ein ganske overskya og regnfull Trondheim by. Sidan målgruppa er mest andre forskarar, var den lite annonsert til kunstnarar med ustabil inntekt, så eg visste ingenting om Starmus før ein NASA-fyr eg kjenner meldte meg og påpeikte at det var heilt koko at ein festival med ei slik gjesteliste skulle skje i Noreg.

Inngangspass til Starmus-foredraga på Spektrum kostar 5000, men festivalen har også eit saftig gratisprogram spreidd ut over heile Trondheim, med konsertar, populærvitskap og eitt og anna foredrag av overkvalifiserte NASA-folk.

Starmus har ei gjesteliste lang som eit vellykka NTNU-nachspiel, sjølv etter at både Brian May, Stephen Hawking og månevandraren Buzz Aldrin har måtta melde pass. Charlie Duke og Harrison Schmitt, to av dei seks menneska som har gått på Månen, er her. Edvard og May-Britt Moser er her, saman med ni andre nobelpris-vinnarar. Astronaut Sandra Magnus som har budd i månadsvis på den internasjonale romstasjonen og hadde eit fantastisk foredrag om kor irriterande det er å oppleve gravitasjon igjen, dobbel Oscarvinnar Oliver Stone og kjendis-astrofysikar Neil deGrasse Tyson.

Samstundes er ein heilt annan, og mindre kjendistung, festival like spennande: Den industriorienterte Spaceport Norway i Stavanger. Den har større fokus på romfart som business, og mindre fokus på dei emosjonelle aspekta ved å utforske verdsromet. Den kostar staute 6900 kroner, så også her er evna til å få pressepass gull verdt.

Begge festivalane er nye i Noreg. Så kvifor er 2017 så ekstremt romfartstungt? Øystein Risan Borgersen, designingeniør i Ripple Aerospace, eit norsk romfartselskap, har stor tru på Noreg som framtidig romfartsnasjon.

- Vi har allereie bygd ut infrastrukturen, den treng berre å oppgraderast og utnyttast. Det er potensielt billig å skyte opp frå Noreg, vi har ein unik geografisk posisjon, så vi er faktisk perfekt plassert for ein del oppskytingsbaner. Romfartssektoren er svært lønnsom, og er ein perfekt stad å flytte deler av ingeniørkompetansen vi alt har samla oss med oljeeventyret.

I tillegg, seier Borgersen, vil vi truleg sjå ein massiv vekst i romfartssektoren framover. Og dette må vi utnytte.

NRK og nasjonale media har vore flinke til å dekke Starmus, noko Starmus også inderlig fortjener. Men det kan godt vere at det er på Spaceport vi får sjå idéane som kjem til å setje sitt preg på Noreg i dei neste femti åra.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook