Endå ein skuledebatt..

Blir eg den første politikaren i Norge som tørr sei at det er foreldra til norske elevar som har mest skuld i at norske elevar gjør det så dårlig på skulen? Eg trur problemet i den norske skulen er at lærarar må bruke mykje tid og energi på å lære barna/ungdommen folkeskikk, i staden for å nytte tida til undervisning! Det er synd skuledebatten er blitt ein debatt om kven som vil bruke mest peng, og kven som har innført flest og best reformar. Etter 13 år på skulebenken har eg nesten ikkje hatt ein einaste dårleg lærar, men mykje bråk har eg laga, og mykje god undervisningstid har eg øydelagt, for dei som verkeleg ville fylgja med. Dårleg folkeskikk? Hm ja, (men eg har komme meg no altså), men det som ergrar meg mest er at eg har øydelagt god undervisningstid for dei som ville læra. Kanskje har eg hemma dei som ville, i å nå måla sine?