«MANIPULERING MED SANNINGA»: Når kuppinvolverte Marcel Granier og Leopoldo López frå Venezuela blir inviterte til Oslo Freedom Forum og hylla som «Voices of Freedom» og «Human Rights Heroes», synest eg norske skattebetalarar bør få vite kven dei er», skriv Venezuela-ekspert Wenche Hauge. Foto: Scanpix
«MANIPULERING MED SANNINGA»: Når kuppinvolverte Marcel Granier og Leopoldo López frå Venezuela blir inviterte til Oslo Freedom Forum og hylla som «Voices of Freedom» og «Human Rights Heroes», synest eg norske skattebetalarar bør få vite kven dei er», skriv Venezuela-ekspert Wenche Hauge. Foto: ScanpixVis mer

«Enkelt å manipulere om Venezuela»

OSLO FREEDOM FORUM: Når kuppinvolverte venezuelanarar blir inviterte til Oslo og hylla som «Voices of Freedom» og «Human Rights Heroes», synest eg norske skattebetalarar bør få vite kven dei er.

|||«Er Wenche Hauge forsker eller politisk aktivist?» spør venezuelanske Milos Alcalay i eit debattinnlegg i Dagbladet 21. juni.

Eg antek at Alcalay får omsett til spansk det som står om Venezuela og Oslo Freedom Forum i norske aviser, men at han neppe har følgd med på ein annan norsk debatt - den om forskningsformidling gjennom media. Trass i at det til tider kan vere krevande og utfordrande, blir norske forskarar oppfordra til å drive formidling gjennom media. Som mange andre forskarar er eg finansiert av den norske stat gjennom Norges forskningsråd. Difor ser eg på det som ei samfunnsplikt å bidra med informasjon og analyse i saker som er viktige på den norske dagsordenen.

Oslo Freedom Forum er viktig, fordi det er støtta både av Utanriksdepartementet, Oslo kommune, Nobels Fredssenter og Amnesty. Oslo kommune støttar også forumet økonomisk. Når kuppinvolverte Marcel Granier og Leopoldo López frå Venezuela blir inviterte til Oslo Freedom Forum og hylla som «Voices of Freedom» og «Human Rights Heroes», synest eg norske skattebetalarar bør få vite kven dei er.

Venezuela er eit av landa eg har uttalt meg om i media. Madagascar og Haiti er andre. I 2009 opplevde Madagaskar ei politisk krise som dessverre kulminerte i eit militærkupp. Kuppmakarane på Madagaskar kom frå den politiske venstresida. Dersom Thor Halvorsen hadde invitert desse til Oslo Freedom Forum, ville eg også ha åtvara i media.

Eg ser imidlertid på det som ekstra viktig å kome ut med informasjon om Venezuela, fordi mediabiletet av Venezuela generelt er stygt fordreia og forenkla. Faktafeil forekjem ofte.

López og Alcalay hevdar for eksempel at Chávez «gikk av» 11. april 2002. Men kva var det eigentleg Chávez gjorde? Under trusslar frå kuppmakarane om å bombe presidentpalasset, der regjeringsmedlemmar var samla inne, og sivile Chávez-tilhengjarar var samla utanfor, overgav Chávez seg for å unngå eit blodbad. Det greidde han. Chávez nekta imidletid å underskrive på at han skulle ha gått av. Kuppmakarane si manipulering med sanninga om kva som skjedde her er klassisk.

Både López og Alcalay sine debattinnlegg i Dagbladet er eksempel på at det er enkelt å manipulere om Venezuela. Dessutan, dersom norske avislesarar hadde fått med seg ein brøkdel av det som står om Chávez i private venezuelanske media, ville dei ha blitt forskrekka over språkbruk og oppfordring til valsbruk. Dette er av ein slik karakter at det ville ha fått rettslege følgjer i Norge.