Enkelte uviktige dikt

Samlinga er slappare i forma enn sist, men også her er høgdepunkt som skil seg positivt ut.

BOK: Etter den suverent gjennomførte «23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring» frå i fjor, er forventningane høge til denne boka.

«Enkelte dikt» er mindre stram og meir ujamn, sjølv om Haagensen prøver å knyta boka tettare saman ved å la dei fleste titlane byrja med «enkelte»: enkelte postkort, enkelte trapperom, enkelte oppvåkninger.

Den personlege tonen møter me også her, og av og til får han eit godt grep om stoffet og lesaren, men dei fleste tekstane er i større grad prega av å vera lesefrukter og skrivefrukter, enn å ha denne stofflege kjensla av å vera ei frukt som er plukka opp i eit rom. Skallet, lukta og tyngda som bind diktet til kroppen og rommet er vagare, meir prega av fantasi og språk.

Overrumplar

Eit av prosjekta i denne boka er å forveksla diktet med rom, eller med ein person. Her finst dikt om det å annonsera etter ledige dikt til å bu i, og her finst dikt om dikt som treng advokat.

Nokre gonger fungerer det, fordi det overrumplar oss midt inne i teksten, andre gonger varer dikta for lenge etter at poenget er oppbrukt. Det vert for mykje konseptkunst her. Dikta rullar ut frå ein idé, som for eksempel at soverommet søv, eller at det å flytta ut av ein bustad skal vera tema for mange av tekstane, utan at dei løfter seg.

Siterer songtekst

«Enkelte flyulykker» ligg for nært novella «Katedral» av Lars Saabye Christensen og dikt av Finn Øglænd med same tema. Problemet Haagensen har i denne boka, er det same problemet som han sleit med før «23 dikt ...». Ein får ei kjensle av at tekstane ikkje er så viktige. Det kan tyda på at det går litt for fort.

I eit dikt siterer han songteksten «wise men say, only fools rush it». Haagensen må finna sin eigen produksjonsrytme og ikkje forsera denne.

Men, for all del, også denne gongen er her fleire gode dikt. Dei handlar helst om forhold, kjærleik og den ævelege einsemda. Og i desse dikta viser han igjen at han kan vera veldig tett på, og at han kan løfta dei mest slitne tema med si evne til originalt språk: «jeg elsker deg som røtter og nedbør».