Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Enkle og tydelege dikt med respekt for lesaren

Den gjennomarbeidde forma får desse sterke dikta til å sjå enkle ut.

BOK: «Et glass kaldt vann» heiter eit av dikta i Johan Grips debutsamling. Her vert det gjort reie for kva han har gjort og spist den dagen: hagearbeid, og rosiner og nøtter, og at han nok heller kunne ha tenkt seg å høyre på ei fuge av Bach. «Gjorde jeg så dette?/Nix pix.» Men etter arbeidet drakk han eit glas kaldt vatn, frå eigen brønn: «som jeg gulpet//ned i passe store/slurker til det var//fullstendig drukket/opp.»

Det er ein konsentrasjon, språkleg og haldningsmessig i denne boka, som kan minna om William Carlos Williams. Og det finst ein veldig respekt for lesaren gøymt i desse dikta! Her finst leikande og lette linjer, men det er inga meiningslaus leik. Er det meiningslaust, så er det alvor. Dikt om å gå seg vill på Smøla om natta etter ein bryllaupsfest. Dikt som skildrar alt som kan fara gjennom ein far når sonen på to år vaknar vilt om natta. Dette er dikt som ligg tett inntil huda på poeten og gjer oss til vitne. Det namnet som først dukka opp som ein assosiasjon til nokre av dikta, var Sigmund Mjelve. Grip har noko av den munnlege tonen og dei små naturobservasjonane som saman avdekkar svære perspektiv.

Du trenger ikke mer, tenker du -

og vet at mer er det heller ikke.

«Enkle dikt» kan tyda at dei står kvar for seg og at dei er ukompliserte, og begge delar stemmer tilsynelatande. Men dikta i boka motseier også dette. Dei heng nemleg saman i ein tone, i røysta til poeten, og ofte i eit landskap. Og så er dei meir mangetydige og gjennomarbeidde enn ein trur ved første gjennomlesing. Av og til manglar det vesle ekstra som skal til for at ein minnest dei lenger enn ei fin leseoppleving, men dette er sympatiske og gjennomførte dikt som vil oss noko.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media