Entusiastisk om Hauge

Ein får kjensle av at forfattaren vil dele si høgt kvalifiserte leseglede med oss.

Ein gut på femten år tek ei bok ut av hylla på biblioteket. Det er Olav H. Hauges dikt. Han les, vert fascinert av poesi, veks opp og får ein son. Denne sonen heiter Hadle Oftedal Andersen, og skriv seinare ei bok som heiter «Poetens andlet. Om lyrikaren Olav H. Hauge». Den nye boka vert sett inn i hylla i biblioteket. Ja, i ei slik verd er det ikkje bare Olav H. Hauges dikt som kan gje oss «ei kjensle av at ting heng saman».

Glød og entusiasme

«Litteraturhistorikarar har ei eiga evne til å gjera alt kjedeleg, har Olav H. Hauge ein gong uttalt.» Slik byrjar denne boka. Og me slappar litt av, då. Denne boka er ikkje kjedeleg. Ho er så forunderleg laga at ein les gjennom ho - frå mottoet av Stefan Snævarr: «Kunstverk er ting med menneskeleg andlet» til siste setninga: «Dikt i samling blir til ei bok ein kan bla opp i, ei bok ein kan slå opp kor som helst i og lesa ein tekst som inngår i eit heilskapeleg syn på tilværet» - og ein er verken lei eller mett. Ein får lyst å ta Tao Ch'ien sin plass og setja seg i skuggen med eit glas sider for å sjå på dikta til Hauge.

Ein går attende til eitt av dei seks portretta som er skissa opp; om den hardt røynde poeten med opphald på sinnssjukehus, om vismannen som skriv treffande om kompliserte samanhengjar, eller om sonettmeistarens virtuositet. Alt er skrive om her med glød, finnarglede og entusiasme. Og på eit oppmuntrande leseleg språk som viser respekt for diktinga og for lesaren og for han som har skrive boka. For det handlar om sjølvrespekt også, det å kommunisera om viktige ting på ein måte som får teksten til å framstå «med menneskeleg andlet».

På alvor

«Poetens andlet» har, trass undertittelen «seks skisser til portrett», vorte ei samanhengande bok som får ein til å vakna og sjå. Forfattaren går eit godt stykke inn i detaljane utan å mista perspektivet. Og han har små nye opplysningar å koma med som kastar nytt lys over dikta! Han maktar å halda fast viktige spenningsforhold. Som det problematiske mellom det autentiske og iscenesettinga av lyrikaren. Posisjonen til den lærde som er audmjuk og sjølvlærd. Det radikale islettet hjå eplebonden. Bygdemodernisten sitt forhold til tradisjonen. Eg treng ikkje seia meir. Jau, kjærleiken må med. Kjærleiken til kvinna, og kjærleiken til litteraturen. Den siste er det som gjennomsyrar denne boka på alle plan.

Det å ta diktinga på alvor, gle seg over ho og formidla denne gleda over det komplekse og det enkle vidare.