FORTSATT KAMP: I 1999 demonstrerte Nei til EF mot EØS-avtalen som ble inngått sju år tidligere. Dagens Nei til EU ønsker også å si opp EØS-avtalen, og mener frihandelsavtalen ligger som et sikkerhetsnett den dagen det skjer. Foto: Morten Holm / NTB Scanpix
FORTSATT KAMP: I 1999 demonstrerte Nei til EF mot EØS-avtalen som ble inngått sju år tidligere. Dagens Nei til EU ønsker også å si opp EØS-avtalen, og mener frihandelsavtalen ligger som et sikkerhetsnett den dagen det skjer. Foto: Morten Holm / NTB ScanpixVis mer

Debatt: EØS-avtalen

EØS: Vitamininnsprøytning for Distrikts-Norge eller overdose?

Alt tyder på at langt færre stortingsrepresentantar enn før vil omfamne EØS-avtala etter valet i september.

Meninger

Bransjesjef i Norsk Industri, Egil Sundet, har nok tatt ein overdose Møllers tran når han hevder at EØS-avtala har vore ei vitamininnsprøyting for Distrikts-Norge (Dagbladet 22. august).

Som døme på korleis EØS har kome distrikta til gode, trekk han m.a. fram designindustrien og Stressless-stolen som ein europeisk folkefavoritt. Dét er eit døme som ikkje nett fremjar argumenta hans.

NEI TIL EU- LEDER: Olaf Gjedrem. Vis mer

Da vi inngikk EØS-avtala i 1992 hadde vi hatt ei frihandelsavtale med EU i 19 år. Avtala tydde at norsk industri etter ein kort overgangsperiode har hatt tollfrihet på all eksport til EU. Ekornes og Stressless vaks så det suste i denne perioden. Eller som Ekornes sjølv skildrar historia si: I 1983 «passerte eksporten 100 millioner kroner, og Stressless nr. 500000 ble registrert. Fremgangen på eksportmarkedet vakte oppsikt og Ekornes ble tildelt eksportprisen samme år».

I 1983 var EØS-avtala ikkje ein gong utklekka. Det var frihandelsavtala som gjaldt. Men i Sundet sitt forunderlege verdsbilete er EØS-avtala «forutsetningen for næringen», det vil seie ferdigvareindustrien. Truleg på same vis som NHO i 1994 så på medlemskap i EU som ein føresetnad for å unngå katastrofe og undergang for næringsliv og arbeidsplassar.

Frihandelsavtala ligg òg i dag som eit sikringsnett den dagen Noreg seier opp EØS-avtala. I tillegg kjem WTO-avtala som set forbod mot at EU kan forverra den gjensidige eksporten og importen med Noreg, noko som eit rasjonelt handelsregime som EU sitt heller ikkje vil ha interesse av.

Nå når Storbritannia går ut av EU, er det tid for å gjera endring og få frihandelsavtaler med både EU og Storbritannia. Det ville vere ei verkeleg vitamininnsprøyting både for næringslivet – og for demokratiet. Eit Storbritannia i EFTA ville òg vere særs gunstig for Noreg, ei løysing som Sundet sin NHO-kollega Tore Myhre ser «flere fordeler» ved (Nationen 22/8).

Alt tyder på at langt færre stortingsrepresentantar enn før vil omfamne EØS-avtala etter valet i september. Fleire enn før seier dei vil nytta reservasjonsretten mot overdoser med EU-regelverk. Krava om å reforhandla eller seie opp avtala breier om seg i fagrørsla og i politiske miljø.

Meiningsmålingar frå i sommar viser at eit fleirtal av dei som har ei meining, heller vil ha handelsavtale enn EØS. Eg vonar det finns mot og vilje i eit nytt Storting og ei ny regjering til å ta denne utfordringa som stadig fleire nordmenn og -kvinner ynskjer.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook