DEBATT

Det grønne skiftet:

Equinor har det i kjeften, men ikkje i handlingane

Eg har forståing for at det tar tid å forandre eit selskap, men gjett kor mange gonger du finn orda «solar», «sun», «wind», «hydrogen» eller «battery» i selskapets kvartalsrapport. Null gonger.

MÅ SKIFTE STRATEGI: Dersom Equinor skal gjere alvor av klimaengasjementet må dei vise at det stikker djupare enn Eldar Sætres festtaler, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB Scanpix
MÅ SKIFTE STRATEGI: Dersom Equinor skal gjere alvor av klimaengasjementet må dei vise at det stikker djupare enn Eldar Sætres festtaler, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Førre veke presenterte oljeselskapet Equinor sin første kvartalsrapport etter dei byta namn frå Statoil. Då namnebytet blei gjort kjent i vår var grunngjevinga at verda og selskapet er i endring, og at framover skal Statoil bli eit breidt energiselskap som ikkje berre driv med olje og gass, men også sol- og vindkraft. Equinor har lenge hatt fornybare energiprosjekt, men med namnebytet fekk ein inntrykk av at satsinga skulle bli større.

Kva er så ståa for fornybare energiprosjekt i det «nye» energiselskapet Equinor? Det har mildt sagt ikkje skjedd så mykje. Gjett kor mange gonger du finn orda «solar», «sun», «wind», «hydrogen» eller «battery» i kvartalsrapporten. Null gonger. Til samanlikning er orda «oil», «gas» og «exploration» brukt svært hyppig. Meldinga er klar: Det er først og fremst olje og gass Equinor held på med.

Dei fornybare prosjekta er gruppert saman i ein samlepost i rekneskapet, sidan desse pengesummane er såpass små samanlikna med olja og gassen. På ein måte er det heilt forståeleg – ein skal jo seie noko om kva selskapet driv med. Men på ei anna side så er det heilt uforståeleg, all den tid du for litt sidan knapt kunne gå forbi eit busstopp eller lese ei nettavis utan å bli bombardert med reklame der Equinor kom med alle slags moglege gjetord om forandring, sol, vind og det breie energiselskapet dei nå skulle bli.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer