Er bistanden effektiv?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BISTAND: På debattsida i Dagbladet 19. mai skriv Torild Skard at vi ikkje har nok innsikt i norsk bistand og at vi veit lite om verknadene av dei ulike innsatsane innafor utviklingssamarbeidet. Norads nye strategi har same utgangspunkt: Vi skal vite meir om verknadene for å gjere kvaliteten betre og nå måla. Men eg finn grunn til å rette på noko av den framstillinga Torild Skard gir av evaluering av utviklingssamarbeidet.Utviklingssamarbeidet har endra seg mykje det siste tiåret. Meir bistand går som sektorprogram eller budsjettstøtteprogram, der Norge berre er ein partnar. Det skjer i dag eit omfattande samarbeid mellom givarane, eit samarbeid som inkluderer både dei enkelte givarlanda, dei multilaterale utviklingsbankane (Verdsbanken og dei regionale bankane) og dei ulike FN-organisasjonane. Dermed har evalueringsarbeidet også måtte endrast. Evalueringsprosjekta blir ofte meir omfattande, og vi gjer i dag like mykje evalueringsarbeid i samarbeid med andre som vi gjer åleine. Som eksempel vil vi dei neste par månadane leggje fram rapportar frå to omfattande internasjonale evalueringsprosjekt. Eitt er ein studie av effektiviteten av budsjettstøtte som bistandsform, det andre ei evaluering av responsen frå givarane på Tsunamikatastrofen. Det seier seg sjølv at dette er krevjande evalueringar, men dei kan gi svar som er svært viktige for framtidig politikk.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer