ANMELDELSE: I eit sobert og jordfarga omslag serverer Blatt ein serie dikt om tettstaden Sørumsand. Dikta presenterer ein geografisk stad, først og fremst gjennom små glimt av menneska som lever og har levd der:
i andre etasje sitter inger olson med stomperud-kaffekruset i hånda og take away frå peking restaurant
Ein kan få assosiasjonar til «Spoon River Antologien» av Edgar Lee Masters, men eg tenkte like mykje på den bluesstemninga som Paal Brekke skreiv fram i si prisløna diktsamling «Aftenen er stille» under lesinga av Blatt sine rørande linjer.
Byggjer ein tettstad Dikta er samansett av tekstar med ulik språkbruk, både dialekt, dokumentspråk, oppskrifter og reklametekstar er med. Skilnaden er markert med oppsett og tittelbruk. Det kan verta mange namn på stadar og menneske, og nokre av dei prosaiske sitata verkar lite engasjerande. Men etter kvart fell namn og sitata inn i songane som noko som bare må vera med om dette skal bli rett.
Her er dikt der forfattaren ser seg om på staden i nåtid, og andre der han ser attende på minner og levd liv. Med presisjon og suggesjon byggjer han ein tettstad, rom for rom, dikt for dikt, med sikkert talent for å føre oss varsamt inn i det reelle rommet.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger