Er det Gud vi saknar ?

EI AV DEI avgjerande hendingane i europeisk historie er at Gud byrja å dra seg tilbake. Etter å ha regjert over europeisk tru og tanke i halvtanna tusenår, tok han til å miste grepet. Vitskapen dreiv han ut av naturen. Historikarane gjekk laus på Bibelen. Filosofane greidde seg utan han, og gudlause fritenkjarar dukka opp, som historiske nyskapingar.

No har han trekt seg tilbake til sin himmel, eller kvar han no er. Han ytrar seg lite, og blir sjeldan tatt med på råd.

Ein ting var at han hadde makta og æra. Det skapte orden i verda, ein visste kven ein skulle vende seg til. Ein annan ting, kanskje vel så viktig, var at han tok skulda. Katastrofar, krig, pest, naturkatastrofar, dei kom fordi han ville det. Det var den gode og allmektige Gud som med vitande og vilje slepte dette over dei syndefulle menneska. Det var ei meining med det. .

Det står ei stort tomrom etter Gud. Makta og æra kan vi saktens ta hand om sjølv. Men skulda? Når det forferdelege og meiningslause skjer, som det gjer, kven skal vi leggje ansvaret på? Vi byggjer forsvarsverk mot det forferdelege og meiningslause: Velferdsstat, helsestell, kontrollar, forsikringar, erstatningsrett.

SÅ OPPLEVER vi, som i romjula, rått og brutalt, at verda er ikkje slik. Vår trygge verd er ein illusjon. Ei bølgje reiser seg og alt er knust.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kven skal vi gå til, med vårt vonbrot, vår sorg og vårt sinne?

Er det denne vår eksistensielle sorg og vårt djupe vonbrot, vårt raserte verdsbilete, som har utløyst det kollektive raseriet som går over landet etter tsunamien? Ettersom Gud har gjort seg utilgjengeleg, må skulda plasserast annanstads. Og nest Gud er Kongen, dvs Regjeringa.

Dommen er fallen. Regjeringa, først og fremst UD, har skulda. Ikkje for tsunamien og tapte menneskeliv rettnok, men for det meste av det leie som kom i kjølvatnet av katastrofen.

Ikkje forsto dei, ikkje var dei førebudde, og ikkje kunne dei. UD sit att som ærelause dåsemiklar og det som verre er.

Det er dårleg marknad for forsvar og kontrollspørsmål. Både artilleri og kavalleri dundrar. Statsrådar blir dregne frå Pontius til Pilatus, frå Viggo til Pål T., og mengda ropar: Krossfest! Krossfest!

Likevel, eit forsiktig forsøk: Var det nokon som forsto? Var det nokon som var førebudd, på dette?

Den svenske og den finske tsunamihandteringa har fått sine Reinåsdommar. Dei er knusande.

I Sverige fekk politiet ansvaret for å føre listene over dei sakna, slik kritikarane meiner det burde skjedd her. Kritikken av svensk politi er drepande på dette punktet. Det er uråd å lage slike lister, seier framståande folk i det svenske politiet. Feilkjeldene er for mange, og publiseringsproblema uhandterlege.

Når det gjekk gale der også, må ein kunne spørje: Er det råd å handtere katastrofar av dette omfanget? Når dei i tillegg skjer på den andre sida av jorda?

FOR EIT tiår sidan gjekk den svensk/estiske bilferja Estonia ned i Østersjøen, som nærast må reknast som eit svensk innhav. Kring 900 menneske miste livet. Kritikken mot regjeringa er massiv og udrepeleg, spesielt er dei pårørande rasande, også på kvarandre. Nokre vil ha dei døde opp, andre vil at dei skal liggje der dei ligg. Kompromisset er vanskeleg å finne. Raseriet lever.

Vi burde hatt eit oppsett apparat til akutt hjelp for tusentals nordmenn i naturkatastrofe på den andre sida av kloden, blir det sagt. Stortinget skal til og med ha gitt pålegg om det (sende dei med pengar?).

Kanskje det. La oss prøve eit tankeeksperiment, ante bellum. La oss tenkje oss at ein embetsmann i UD i budsjettprosessen kom med eit framlegg om å setje opp eit apparat som skulle handtere den slags hendingar, for eksempel ein tsunami, på den andre sida av verda, til nokre millionar kroner. Kva slag lagnad kan vi tenkje oss at eit slikt framlegg ville fått, i budsjettprosessen, den lange vegen fram til salderinga i Stortinget? Kva f... er ein tsunami? Har nokon eit leksikon? Eg veit ikkje, men eg har mine mistankar.

SÅ ER UD avdekka som eit ormebol, ein psykopatanstalt. For oss som ingenting veit om UD, er det uråd å vite kva som er sant i dette. Men ettersom vi har pusla og levd ei stund, har vi eit godt rom for mistankar og skepsis i vår lurvete sjel. Kan det vere at det er folk som nyttar høvet til å føre gamle krigar på nytt? Ligg det gamle rekningar ute og flyt? Eller er det vi ser ein organisasjon under svært ytre press, der daglege og vanlege konfliktar kan få eit svært format, og der media fungerer som brennglas? Vi ser det no i Redningsselskapet, til og med i Rosenborg.

Denne definerte ukulturen skal ha vart lenge. Dette har vår lurvete sjel og vår skepsis problem med å tru. På lista over stats- og utanriksministrar og statssekretærar med ansvaret for UD, finn vi heile vår politiske elite: Harlem Brundtland, Jagland, Stoltenberg & Stoltenberg, Bondevik, Petersen, Haga, forutan dei som er blitt i systemet, som Godal og Vollebæk. Alle desse, the best and the brightest, har altså sove i timen. Det er lov å ha problem med å tru dette.

Og det må vere lov å meine, som utanriksministeren fleire gonger har våga seg til å seie, at apparatet svikta, fordi dei ikkje kunne vere førebudde på det som hende, «då det som inte kunne hända, hände», for å sitere Tage Danielssons klassiske Harrisburgmonolog.

Å LEGGJE dette ansvaret, som Gud har lagt av seg, over på akslene til Bondevik og Pettersen, fordi ein ikkje finn andre, det er å grabbe til seg fullmakter ingen menneske kan eller skal ha. Slik må vi ikkje fare fram mot kvarandre. Når eit menneske møter ei oppgåve det ikkje maktar, kan det vere oppgåva som er for stor. Det hender, som vel dei fleste av oss veit.

Om ein vil plassere dette ansvaret, må ein heller prøve å føre Gud innpå banen igjen, som Kristin Halvorsen prøvde på i Dagsrevyen 21.april. Der ville ho gje Petersen ein sjanse til, til å kome med ei melding «for å overbevise oss om at vi kan sove trygt om natten i hele sommer i trygg forvissning om at alle nordmenn i utlandet kan reddes om noe alvorlig skjer.»

Med slike forventningar er det ikkje Jan Petersen eller Kjell Magne Bondevik ho må vende seg til. Dei kan ikkje love slikt.

Det er nok gamle Jehova, med si grenselause allmakt, ho då må få i tale. Det var han, og dei mange kollegaene hans, som eingong hadde makt til slike lovnader.

Det blir spennande å sjå om nokon svarar.

Kanskje var det berre ei forsnakking. Men forsnakkingar fortel. Det er vel etablert kunnskap.