FELLESSKAP: Aschehougs hagefest er det norske uenighetsfellesskapet i sitt høgaste stadium. Pål Steigan (med hatt) peikar ut Jens Pikenes, også kjent som Facebook-baronen Kjetil Rolness.
FELLESSKAP: Aschehougs hagefest er det norske uenighetsfellesskapet i sitt høgaste stadium. Pål Steigan (med hatt) peikar ut Jens Pikenes, også kjent som Facebook-baronen Kjetil Rolness.Vis mer

Er det noe fylke som vil gje Sylvi Listhaug politisk asyl?

Den indre langen i Frp.

Kommentar

DENNE VEKA var det utagerande festing og litterært hestetjuveri i Aschehougs regnfulle hage. Den kjende badegjesten, tidligare ordførar Fabian Stang, stilte i noe som likna veldig på burkini, utan å bli avkledd og bøtelagt.

DEN STORE SOL i Samferdselsdepartementet, Ketil Solvik-Olsen, fekk sparka infosjefen som ikkje fann det byråkratisk korrekt å vera propagandist for Fremskrittspartiet. Etter det har det fløyma over av heltemeldingar om Solvik-Olsens turar Norge rundt. Denne veka sat han bom fast i ein tunnel i Per Sandberg (Frp, Sør-Trøndelag, tidligare Nord-Trøndelag) sitt nabolag på Senja. Han måtte ryggast ut. Ansvaret ligg hos den rød-grøne regjeringa som svikta infrastrukturen.

FISKERIMINISTER Per Sandberg trur på sjøpølse som den nye oljen. Snart tar han med seg partiets programkomité til Senja. Då blir det nok klare perspektivmeldingar om mykje lys og mykje varme i alle tunnelar. Mens Torbjørn Røe Isaksen er på jakt etter den indre willochen i høgrefolk for å begrensa offentlige utgifter, satsar koalisjonspartnaren på den indre langen. Partigrunnleggar Anders Lange sitt slagord var: «La Nordsjøens skatter betale folkets skatter».

UTVISINGS- og ekskluderingsminister Sylvi Listhaug er ein politisk lykkejeger. Etter ein moderlig tvilsfase vil ho nå berast på gullstol til varig opphald på Stortinget. Men så lett er det ikkje å få politisk asyl i eit fylkesparti. I Oslo, der ho bur, må ho slå ut Christian Tybring-Gjedde frå Disneyland og få det maskuline Fremskrittspartiet til å godta to kvinner øvst på lista. I Møre og Romsdal, som ho har flytta frå, må ho nedkjempa ein kvikkas frå Ålesund, den parlamentariske leiaren Harald T. Nesvik, pluss ein grimsting og landsbruksminister og kjøtskjerar Goggen. Så nå leitar partieliten etter eit fylke som er villig til å ta mot Listhaug som kvoteflyktning på humanitært og politisk grunnlag. Dei har prøvd seg i Agderfylka, men sjølsagt utan hell, for på Sørlandet er folkeaksjonen mot innflyttarar særlig sterk.

OL I RIO blei ein norsk fiasko. Den ansvarlige må ta ansvar og gå, altså idrettsminister Linda Cathrine Hofstad Helleland. Eller kanskje heller som i Russland der dei ofra viseministeren etter dopingavsløringa: Altså bør kvikkassen Bård Folke Fredriksen ofra seg og gå frivillig. Om det blir tungt, kan han få astma-medisin.

RIKSKRIGKASTINGA var ikkje økonomisk kvalifisert til OL, så TV2 fylte sine kanalar med alt frå synkronstup til zumobryting, som dessverre ikkje ga noe særlig i reklameinntekt. NRK slo tilbake med motprogrammering og hadde 3,3 millionar sjåarar til Toppidrettsveka og diverse rulleskirenn. Det er langrenn folket vil ha, sommar som vinter, med og utan astma. Der ligg vår sommarolympiske og paralympiske framtid når CIO-pampane skjønar meir enn sitt eige beste.