ARBEIDERPARTIET: Dei har gøymt seg bort som best dei kan i breie forlik og kjem med for lite, for seint. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB Scanpix
ARBEIDERPARTIET: Dei har gøymt seg bort som best dei kan i breie forlik og kjem med for lite, for seint. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB ScanpixVis mer

Er det noen som minnest Jonas Gahr Støre?

Kvardagsekskludering.

Kommentar

DENNE VEKA fall oljeprisen under 30. Det same gjorde oppslutninga om Arbeiderpartiet. Dei har gøymt seg bort som best dei kan i breie forlik og kjem med for lite, for seint. Nå må dei setta sin lit til stigande arbeidsløyse.

FORRESTEN: Er det noen som minnest Jonas Gahr Støre?

DET ER TRIST zom faen at Ari Behn har blomztra av. Bjørnstjerne Bjørnson er ikkje lenger ein del av allmenndannelsen, men den ny vin blomstrar blant langrennsjentene. Eg bøyer meg i hatten for dei alle, men særlig for Heidi Weng. Og så skålar eg for den trønderske fyllekjøraren som folket valde til årets idrettsnamn.

STATOIL slit hardt med å betala høgt nok utbytte til aksjonærane (les: 67 % går til den norske staten). Nedstrøms har dei har selt pølse- og bensinstasjonane til ein kanadisk kjede som skal døypa dei om til Circle K. Slik skal det uttalast på olje-norsk frå Stavanger og deromkring: sirsle kå?

VI ER BEST i verden, sjøl om den norske modellen er truga av nyårets moteord frå NHO: disrupsjon. Det tok heilt av på Lillehammer i 1994. Og det er stadig like uforgløymelig at statsminister Jan P. Syse ringte til Gerhard Heiberg og sa at han måtte visa nasjonalt ansvar og bli formann for LO. «Men jeg er jo bedriftsleder,» innvende Heiberg. «Ja, nettopp derfor,» svarte Syse. Før han tok seg i det: «Sa jeg LO? Jeg mente OL.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV-SERIEN Mammon har utvikla seg til mannefall i ein orgie av blodguffe fordi utdanningsreforma Yggdrasil møter motstand og VG har hemmelige kjelder. Dagsavisens elles eminente og kjøttfrie Hege Ulstein har vore politisk rådgjevar for å sikra at den politiske og journalistiske kvardagen er truverdig i serien. Den underliggande moralen synest i alle fall å vera på plass, for er det noe alle som er eller har vore statsrådar eller departementsbyråkratar veit, så er det at det alltid er finansministeren som er skurken.

EIT UNNTAK var Sylvi Listhaug som landbruksminister. Då gjorde byråkratane det dei alltid har gjort: Plussa litt på alle postane til gode formål, og så håpa at finansdepartementet ikkje strauk alt. Sjokket var når det var deira eigen statsråd som gjorde kutta.

STATSMINISTER Erna Solberg slo eit slag for hverdagsintegrering i sin nyttårstale. Då er det ganske sterkt at ho held seg med ein innstrammingsminister som driv kvardagsekskludering kvar gong ho åpnar kjeften og smiler. Det er ei trøyst at Asylvi Slyehaug seier ho er van med mye drittslenging, og at hennar statsrådkollega i dobbel-departementet, Anders Anundsen, veit med seg sjøl at han ikkje er ein drittsekk.

TIDA ER NÆR for tiltalebeslutning mot den katolske kyrkja i Lille Vatikanet for grovt bedrageri av 50 millionar. Ein bør nok halda eit auge med biskop Bernt Eidsvig sine reiseplanar, for Kongeriket Norge har ingen utleveringsavtale med Pavestaten i Roma.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook