Sommerboka i Dagbladet 2019

«Er det noko han ikkje snakkar sant om, meiner du?»

I høst er Agnes Ravatn tilbake med sin første roman på seks år. Les utdrag her.

SNUSER PÅ KRIM: Agnes Ravatns nye roman tar utgangspunkt i et mysterium. Litteraturprofessoren Nina tar på seg rollen som amatøretterforsker når leieboeren hennes Mari plutselig forsvinner. Foto: Hans Arne Vedlog / Dagbladet
SNUSER PÅ KRIM: Agnes Ravatns nye roman tar utgangspunkt i et mysterium. Litteraturprofessoren Nina tar på seg rollen som amatøretterforsker når leieboeren hennes Mari plutselig forsvinner. Foto: Hans Arne Vedlog / DagbladetVis mer

Eg kjenner meg snytt, seier Kaia, då dei følger bølga av publikummarar gjennom Grieghallen og ut i den våte desemberkulda.

Dei kallar det opera, og så er det ikkje ein einaste kulisse? Riddar Blåskjeggs borg, utan borg?!

Men sjølve musikken var grei, seier Nina, og surrar skjerfet om halsen. Ein matbit?

Dei går tett og hustrig langs Lille Lungegårdsvann til Skostredet, smyg seg inn på den vesle, varme enotecaen.

Innehavaren nikkar attkjennande til dei og kjem straks rundt baren, tar kåpene og viser dei til bordet inst i hjørnet. Det er mørkt og tett, stearinlys langs veggene og på borda, rundt dei sit for det meste vaksne kvinner parvis, i dempa samtale, akkurat som dei sjølve, ho nikkar kort til ei av kollegaene ved universitetet.

Du var eigentleg ikkje ferdig med å fortelje om dirigenten, minner Kaia henne på. Han skulle møte ekskona same dagen som ho forsvann?

Nina nikkar.

Ingeborg støytte til og med på han utanfor huset i Birkevegen, så akkurat der snakka han sant.

Er det noko han ikkje snakkar sant om, meiner du?

Nei, kva veit eg. Men det er jo litt av eit samantreff, seier Nina og myser mot tavla over baren, der vinanbefalingane står skrivne.

Det er derfor det skulle det vore interessant å vite kva operaen handla om.

Kvifor det?

Fordi han sa til meg at operaen var meint som ei helsing til henne.

Kaia nærast ryggar på stolen.

Riddar Blåskjeggs borg? Ei helsing til ekskona, den no forsvunne ekskona? seier Kaia.

Kva då?

Du har ikkje høyrt eventyret om Riddar Blåskjegg? seier Kaia, himmelfallen. Kva slags professor i litteratur er du?

Nettopp, i litteratur, seier Nina med eit fnys, ikkje i folkloristikk.

Du som har slik suksess med Milja for tida. Du bør spare Riddar Blåskjegg til ein gong ho er skikkeleg vanskeleg, seier Kaia.

Fortel, då, seier Nina utolmodig.

Eg må ta det litt på hugsen. Riddar Blåskjegg er altså ein borgherre med eit blått, skrekkeleg skjegg. Han har vore gift fleirfaldige gonger, men no er han atter ein gong på konejakt, og i landsbyen bur ei dame som har to flotte, unge døtrer.

Og ei av dei skal snart få livet snudd på hovudet?

Dei synest han er fullstendig avskyeleg, men takkar likevel ja til å bli med då Blåskjegg inviterer til utflukt til ein av herregardane sine på landet. Her har dei det så gøy at då dei kjem heim att, så presterer den yngste dottera å seie: Men det skjegget hans er no ikkje blått, då …!

Audå, seier Nina.

Det blir bryllaup. Jenta flyttar inn. Kort tid etter legg Blåskjegg ut på reise. Han gir den unge kona si to nøklar. Den eine er ein universalnøkkel, og den kan jenta bruke som ho vil. Den andre – seier Kaia, og dempar stemma, lener seg over bordet slik at stearinlyset flakkar over ansiktet hennar: Den andre er ein uskyldig utsjåande liten nøkkel, som passar til ei lita dør heilt i enden av den lange korridoren i første etasje. Men denne er det strengt forbode å opne. Dersom du gjer det, seier Blåskjegg, blir eg så sint at det ikkje finst grenser for kva eg kan få meg til å gjere! Og så set han seg i vogna, og drar sin veg.

Hm, seier Nina. Kanskje litt freistande å bruke den vesle nøkkelen etter kvart?

Kanskje det? seier Kaia. Jenta inviterer vennene sine på besøk, og dei opnar alle dei andre dørene, til rom som er fylte med gull og edelsteinar, fantastiske tekstilar, overdådige møbler og ditt og datt. Men mens vennene fråtsar i all den makelause rikdommen, blir jenta meir og meir gripen av nysgjerrigheit.

Kva kan det vere bak den vesle døra nedst i korridoren? seier Nina.

Ja, kva kan det vere. Til slutt låser ho seg inn. Dessverre er det så mørkt der inne at ho ikkje ser noko som helst. Men etter kvart som augo venner seg til mørket, oppdagar ho at golvet er dekt med blod. Og i refleksjonen i blodet ser ho fleire kvinner som heng på krokar langs veggene, kvinner som Blåskjegg sjølv har skore over halsen på.

Jøss, seier Nina, i oppriktig overrasking.

I forfjamsinga mistar jenta nøkkelen på golvet, og han får blod på seg –

Og så kjem borgherren heim? føreslår Nina.

Ja, kan du tenke deg? Og trur du ho får vaska nøkkelen rein for blod? Å nei, ho gnikkar og gnukkar, og kvar gong ho har fått eine sida rein, er det like mykje blod på andre sida.

Då har ho nok ikkje prøvd salmiakk og zalo, seier Nina.

Blåskjegg blir jo ikkje akkurat blid då han ser at den flunkande nye brura hans trør over den eine grensa han har streka opp. Så no må ho bøte med livet, ho òg, slik konene før henne har gjort. Men eventyret tar ei useriøs vending: Dei to brørne til jenta reddar henne i siste liten og drep Blåskjegg. Og sidan dei var gifte, arvar jenta all rikdommen og finn seg ein litt meir normal fyr som ho giftar seg med.

Og dette skulle altså vere ein vennleg gest frå Niklas Bull til ekskona? seier Nina.

Men operaen, seier Kaia langsamt, den skil seg frå eventyret på eit par avgjerande punkt.

Jaha? seier Nina.

Der er det sju nøklar, ikkje to. Sju dører. Og slutten er heilt annleis. Men du får nesten ta og lese om det sjølv, eg hugsar ikkje detaljane. Du finn det på nett.

Ho puttar ein oliven i munnen.

Blåskjeggs nøkkeloverrekking er jo eigentleg ein truskapstest. Og kvinnene stryk, ei etter ei, seier ho.

Spør du meg verkar det som Blåskjegg håpar at dei skal stryke, seier Nina, slik at han kan drepe dei med godt samvit.

I det same ringlar det i inngangsdøra, og Nina dukkar instinktivt. Kaia ser rart på henne, før ho snur seg diskré mot døra, der tre menn og ei kvinne kjem inn. Dei henger av seg jakkene på stumtenaren og blir småpratande viste til eit bord i eit separat lite rom.

Nina sit med ryggen til då Niklas Bull passerer henne, mens Kaia gjer eit stort nummer ut av å late som ingenting. Då det vesle selskapet er ute av syne, lener ho seg mot Nina og mimar med munnen: Var det han?, mens Nina nikkar og signaliserer at dei må skifte samtaleemne radikalt.

Kva med borger, seier Kaia, ligg det nokon bra borger ute på Finn.no for tida?