LEI MEG: I 2015 vart eg med i statistikken over menneske i Norge som slit med ei psykisk liding. Sjølv om eg berre var lei meg. Jævlig lei meg, skriver artikkelforfatteren. Foto: Illustrasjon
LEI MEG: I 2015 vart eg med i statistikken over menneske i Norge som slit med ei psykisk liding. Sjølv om eg berre var lei meg. Jævlig lei meg, skriver artikkelforfatteren. Foto: IllustrasjonVis mer

Debatt: Sorg og psykisk sykdom

Er eg psykisk sjuk eller berre lei meg?

Ei ordning med sorgmelding, der sorg gir rettar på linje med sjukemelding, vil vere eit fornuftig grep.

Meninger

I 2015 vart eg med i statistikken over menneske i Norge som slit med ei psykisk liding. Sjølv om eg berre var lei meg. Jævlig lei meg.

Kristian Fjellanger, forfatter
Kristian Fjellanger, forfatter Vis mer

Sorg er noko me alle opplever frå tid til annan, og mange vil i samband med ein sorgreaksjon verte sjukemeldt. Fordi ein regelrett ikkje er i stand til å jobbe. Men «sorg» er ikkje ein diagnose ein lege kan sette på ei sjukemelding. Derfor må ein lege bruke ein annan diagnose, som oftast ein eller anna psykisk liding, om ho vil gi deg ei sjukemelding.

Har du influensa eller har knekt ein fot, er det ein diagnose som passar deg, som gir deg rett til å ligge heime og sjå Vår Staude teste vinar på God morgon Norge, eller reprisar på «Med hjartet på rette staden». Men mistar du eit barn, ein ektefelle eller ein far og opplever sorg – så er det ingen diagnose å få. I alle fall sånn offisielt.

Spørsmålet om sjukemelding knytt til sorg er jamleg oppe i det norske ordskiftet. I mars 2015 hadde dåverande arbeidsminister Robert Eriksson frå Framstegspartiet, eit utspel i norske media om at han vurderte å innføre noko kalla «sorgmelding», som konkret betydde at sorg skal bli ein gyldig grunn til sjukemelding. Tanken var at dei som treng sjukemelding i samband med sorg skal sleppe tilleggsbelastninga med å få ein psykiatrisk diagnose, samstundes som riktig diagnose vil kunne gi riktig hjelp om ein treng det.

Det handlar om kva fastlege du har. Er ho raus eller gniten med sjukemeldingar, er ho kreativ med diagnosane? Når eg sjølv opplevde sterk sorg for eit år sidan, fekk eg diagnosen psykisk ubalanse, som ofte vert nytta som sekkediagnose for likt og ulikt.

Arbeidslivstelefonen, som er drifta av Mental Helse, opplyser at dersom ein har hatt ein diagnose knytt til psykiske lidingar, kan det vere svært utfordrande å til dømes få teikna ei privat sjukeforsikring. Sjølv om du ikkje har vore psykisk sjuk, berre lei deg, syner sjukdomshistorikken din noko anna. Ein samtale med Storebrand stadfestar dette. Dersom du har hatt psykiske lidingar tidlegare, vil dei kunne reservere seg mot å forsikre deg.

I heftet «Når en av våre nærmeste dør» oppmodar Helsedirektoratet deg til å prate med ein person du har tillit til i nærmiljøet eller nokon i hjelpeapparatet til kommunen. I heftet foreslår Helsedirektoratet og å gå inn på ei heimeside som er kalla sorggrupper.no. Her kan ein finne tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Sorggrupper.no er ei oversikt over ulike typar samtalegrupper. Om eg sjekkar min eigen heimkommune, Lindås utanfor Bergen, får eg følgjande melding frå nettstaden:

«Det er dessverre ikke registrert noen tilbud i Lindås kommune. Prøv en av nabokommunene som du ser i oversikten i menyen til venstre»

Nabokommunane til Lindås er Radøy, Austrheim, Meland og, om ein ser litt stort på det, Fedje, Masfjorden og Gulen. Når eg søker på desse kommunane, får eg same meldinga. I heile Nordhordlandsregionen kan ein altså gjennom denne tenesta, som Helsedirektoratet anbefaler, ikkje finne eit einaste tilbod for menneske i sorg. Så ein kan spørje seg kva Eriksson legg i å gje riktig hjelp for dei som treng det?

Helsedirektoratet opplyser over telefon at dei ikkje har tal på omfanget av sjukemeldingar på grunn av sorg, eller kor mykje dette faktisk kostar samfunnet i sjukepengar. Då er det òg vanskeleg å få talfesta kor mykje ein kan spare gjennom tiltak som gjer at ein får bukt med sorga raskare og enklare.

Sidan starten på 2000-talet syner statistikken at det er ei auke i sjukemeldingar knytt til psykiske lidingar. Inni den statistikken ligg det mykje. Menneske med angst, med depresjonar, dei som ikkje mestrar alle krav samfunnet har til dei – og meg. Ein mann på 37 år som ikkje heilt vil vere med på at han hadde ei psykisk liding. Han er berre lei seg. Og treng eigentleg berre tid, og litt færre forventningar om at han skal vere i full vigør.

Det å få ei ordning med sorgmelding, der sorg gir rettar på linje med sjukemelding, vil etter mi meining vere eit fornuftig grep. Med ei oversikt over kor mange dette faktisk gjeld, vil ein òg betre kunne vurdere om tilbodet av sorggrupper og liknande er tilstrekkeleg. Velferdsstaten er ikkje ei uuttømmeleg kjelde av gode som me kan velte oss i, men når ein veit at ein vert sjukemeldt på grunn av sorg i dag, handlar det meir om å få ei oversikt over kva omfang dette faktisk har. Og å kunne gje den hjelpa folk treng.