Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Debatt:

Er gagns menneske instrumentelt?

Eg har ofte stor sans for Hobbelstad sine kommentarar på utdanningsfeltet. Men denne gangen er kritikken så dårleg fundert, at eg lurer på kor grundig ho har lest innstillinga.

TVINGER IKKJE: Inger Merete Hobbelstad kritiserer Lied-utvalet for at ungdom skal bli tvinga til å velje yrkes- eller utdanningsveg tidlegare enn i dag. Kvar tar ho det frå, spør innsendaren. Foto: Shutterstock
TVINGER IKKJE: Inger Merete Hobbelstad kritiserer Lied-utvalet for at ungdom skal bli tvinga til å velje yrkes- eller utdanningsveg tidlegare enn i dag. Kvar tar ho det frå, spør innsendaren. Foto: Shutterstock Vis mer
Meninger

Vidaregåande opplæring skal kvalifisere for høgare utdanning og for gode yrkesutøvarar i praktiske fag. Samstundes er gagns menneske, for å bruke ei velkjend formulering, eit viktig mål. Skulen skal altså gi trening i deltaking og demokrati, og førebu for yrkes- og samfunnsliv.

Innstillinga frå Lied-utvalet (NOU 2019:25) har ei rekkje forslag som støttar opp under desse måla. Fleire skal meistre skulen, og få meir personleg glede og nytte av opplæringa.

I ein kommentar i Dagbladet 7.januar kritiserer Inger Merete Hobbelstad utvalet for å vere instrumentalistisk, og då i negativ forstand. Ho meiner til og med at «dette er en skikkelig dårlig ide»!

For det første er det uklart kva for ein ide ho kritiserer. At fleire skal kunne fullføre, enten det handlar om studiekompetanse eller yrkeskompetanse?

For det andre kritiserer ho utvalet for at ungdom skal bli tvinga til å velje yrkes- eller utdanningsveg tidlegare enn i dag. Kvar tar ho det frå? I alle fall ikkje frå innstillinga. Utvalet foreslår tvert imot at dei unge, særleg dei med svake føresetnader, skal få meir tid og meir hjelp. Dessutan foreslår utvalet at retten til å bruke nødvendig tid til å fullføre utdanninga skal styrkast.

Eg har ofte stor sans for Hobbelstad sine kommentarar på utdanningsfeltet. Og det finst nok andre utvalsinnstillingar, og læreplanar for den del, der både kortsiktig og instrumentalistisk kunne vere høvelege overskrifter. Men for NOU 2019:25 er Hobbelstad sin kritikk så dårleg fundert at eg lurer på kor grundig ho har lest innstillinga.