FYLGJAR REALITETANE? «Det er synd at så få har tatt i mot innbydelsar om å besøkja våre pelsdyrgardar», skriv artikkelforfattaren. Biletet er frå en annan minkfarm. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix
FYLGJAR REALITETANE? «Det er synd at så få har tatt i mot innbydelsar om å besøkja våre pelsdyrgardar», skriv artikkelforfattaren. Biletet er frå en annan minkfarm. Foto: Heiko Junge / NTB ScanpixVis mer

Er kunnskap fortsatt viktig, Ap?

Det er synd at så få har tatt i mot innbydelsar om å besøkja våre pelsdyrgardar.

Eit fleirtal i Arbeiderpartiet sin programkomite ynskjer ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Eit slikt forslag er ikkje grunna i kunnskap og realitetar, som heller ikkje liknande vedtak på landsmøtet i 2011 var det. Slike forslag fylgjer meir populisiske vrangforestillingar skapt av dyreaktivistar, og aggresiv markedsføring av skrekkeksempel i media.

Vitenskapskomiteen for Mattryggheit (VKM) er ein uavhengig vitenskapleg, fagleg komite, oppnevnt av statlege myndigheiter. VKM si faggruppe på dyrehelse og dyrevelferd, ga i 2008 ut ein rapport som omhandla velferd for pelsdyr. Denne konkluderte med at «rev og mink har god velferd, og liten fare for lidelse under dagens driftsformer, men det er forbedringsmuligheter». VKM-rapporten vart så fulgt opp av Mattilsynet og myndigheitene, og i 2011 kom ny forskrift for pelsdyr, basert på denne rapporten:

Pelsdyra får her enda betre rettigheiter og styrka velferd i fleksible oppstallingsmiljø, samt strenge krav til oss pelsdyrbønder, med ettersyn og godt stell for dyra. Næringa er den innan landbruket som har tettast oppfylgjing av Mattilsynet. Kontrollane syner få alvorlege tilfelle, og skader og sjukdom på eit lågt nivå. Pelsdyroppdrett er ein naturleg del av norsk landbruk, næringa vår er ei god og lønnsam distriktsnæring.

 ARTIKKELFORFATTER:  Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyrbonde med rev
ARTIKKELFORFATTER: Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyrbonde med rev Vis mer

Pedersen i Ap?s programkomitè har uttalt: «Pelsdyrnæringen har fått veldig mange sjanser, samtidig ser vi fortsatt graverende eksempler på dyrehold som vi ikke bør være tjent med i Norge» Pedersen har også hevda at det er liten kunnskap for å oppretthalde pelsdyrnæringa. Dette er uforståelege uttalelsar.

Mattilsynet seier om næringa: «Pelsdyrnæringen blir ofte fremstilt som den er dårligst på dyrehold, det er ikke rettferdig, de er ingen versting!» Martin Kolberg uttalte seg veldig klart til Oppland Arbeiderblad i Mars: «Jeg er sterkt imot forbud mot pelsdyrhold. Etter mitt syn er pelsdyrdebatten medieskapt. Jeg kommer til å tale pelsdyrnæringens sak når programkomiteen kommer med sitt forslag.»

Sertifisering, helsetjeneste og kompetansekurs, er tre viktige tiltak som næringa sjølv har innført dei siste to åra, og som er obligatorisk for alle pelsdyrbønder. Det viser at næringa verkeleg tek dyrevelferd på alvor.

ARTIKKELFORFATTER:  Mari Indergård, pelsdyrbonde med mink
ARTIKKELFORFATTER: Mari Indergård, pelsdyrbonde med mink Vis mer

Ved helsetjenesten er det over 100 veterinærar, som over heile landet har hatt minimum tre veterinærbesøk på alle pelsdyrgardar. Dei meiner at dyrevelferden er generelt god for pelsdyra.

Det er mykje fakta og kunnskap om pelsdyrnæringa som Arbeiderpartiets delegatar på Landsmøtet ikkje kan leggje til side når dei skal vurdera pelsdyrnæringas eksistens. Det er synd at så få har tatt i mot innbydelsar om å besøkja våre pelsdyrgardar. Landsmøtet vil gje svar på om Arbeiderpartiet vil fortseta sin lange tradisjon om å fylgja kunnskap og realitetar, eller om populismen skal få fotfeste i partiet.