Dronning Margrethe II av Danmark fyller 75 år i år. Under ein pressekonferanse i samband med åremålet får ho eit spørsmål frå journalist Michael Alsen frå Berlingske Nyhedsbureau. Midtvegs i spørsmålet blir han avbroten - av dronninga. «Undskyld, nu skal jeg ikke være meget sippet, men jeg tror ikke, vi har gået i skole sammen. Jeg tror ikke, vi er dus.» Det som ikkje skulle skje, skjer: Journalisten slumpar til med eit «du» i staden for «De». Og som om ikkje det er nok, blir han irettesett av dama, sett i forlegenheit for ein heil nasjon. Kanskje er det humoristisk meint? Sympatisk er det ikkje. Dårleg kutyme, spør du meg. Journalisten gjentek spørsmålet. Denne gongen går det greitt.
Opptrinnet fekk meg til å gruble over dis og dus, tiltaleformer, og korleis vi vender oss til kvarandre. Er det naudsynt i dag med reglar for korleis vi snakkar til kvarandre, eller bør høflegheitsfrasene segle sin eigen sjø? Har fråværet av tiltaleformer og samværsreglar viska ut alle grenser for privatsoner og intimitetsgrenser? Og er det greitt? Nokon synest formalitetar er gøy, superviktig og naudsynt. Andre att gjev blanke, tenkjer at sosial integritet ikkje dreier seg om reglar og etikette, men om å stole på seg sjølv utan å ty til stivna samværsformer. Kvifor flotte seg med ekstravagansen når praten likevel går så lett?
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger