Er vi klare for Kina?

Tapet av arbeidsplassar i tradisjonelle industriland vil bli eit av tidenes største globale problem.

I LØPET AV dei siste 10-15 åra har dei økonomiske styrkeforholda i verda endra seg vesentleg. Fersk statistikk viser at utviklingslanda nå står for over halvparten av den globale verdiproduksjonen, rekna i lokal kjøpekraft, og mellom desse landa har Kina teke ein leiande posisjon. Kina har i ti-året 1993-2003 hatt ein årleg gjennomsnittleg vekst på 8,9 prosent, tre gonger vekstraten i Norge. 450 av verdas 500 største selskap er etablerte i Kina, og billege kinesisk-produserte varer finst i butikkane verda over. Kina er blitt heile verdas fabrikk. Dette betyr og at millionar av arbeidsplassar i vest forsvinn til Kina, ei utvikling som kjem til å halde fram. Kina har ein ytterlegare arbeidskraftreserve på 200-300 millionar som vil vere villige til å arbeide lange dagar for ei minimum dagsløn på tre-fire dollar. Dette vil framleis gje billege varer og store fortenester til vestlege selskap som eig bedriftene. Men på lengre sikt er det grunn til å vente stor arbeidsløyse i vestlege land, eit langt mindre hyggeleg resultat. I tillegg vil etter kvart kinesisk-eigde industribedrifter gje sjølv dei beste vestlege bedrifter hard konkurranse, også innan høgteknologiske områder. I Kina har den nye industrien dei siste 20 åra lagt grunnlaget for oppvekst av millionbyar vi ennå knapt kjenner namnet på.

DET VAR LITT AV ein tankevekkjar då det relativt ukjende kinesiske dataselskapet Lenovo kjøpte IBM sin pc-divisjon i 2004. Ei anna overrasking kom i april i år, då aksjekursane på børsane verda over fall brått og uventa. Oslo Børs fall med nær tre prosent. Årsaka var at Kina hadde sett opp bankrenta for å bremse litt på den kolossale veksten i næringslivet. For få år sidan ville eit slikt tiltak i Kina knapt blitt lagt merke til i Vesten. Nå førte den til globalt kursfall. Desse hendingane er enkle illustrasjonar av Kinas nye rolle som ein stor aktør i internasjonal økonomi. Den kinesiske draken har verkeleg vakna. Utviklinga i Kina dei siste 10 åra er utan sidestykke, mogeleggjort av at Kina har teke steget over i den internasjonale kapitalismens rekkjer. Ut frå den faktiske utviklinga vi ser, vil om få år kinesiske konsern som Lenovo, Ningbo Bird (mobiltelefon) Huawei (elektronikk/kommunikasjon) og Haier (kvitevarer) vere kjende verda over på linje med Sony og Sumitomo frå Japan, og Samsung og Hyundai frå Korea. I tur og orden har internasjonale gigantar etablert seg i Kina, ikkje berre innan produksjon, men også med ei lang rekkje utviklingsavdelingar og opplæringssentra. Men også mindre bedrifter etablerer seg i hopetal: Berre i løpet av året 2004 fekk over 43000 utanlandske bedrifter etablere seg i Kina. 100 norske bedrifter er registrerte hittil. Etableringar av Statoil, Norsk Hydro og Norske Skog er blant desse. At dei store bilprodusentane og er med på løpet, har truleg ikkje heilt gått opp for dei fleste av oss. Ein kan med god grunn spørje seg kvar dette ber hen.

DET ER SÆRLEG den raskt veksande produksjonskapasiteten og medfølgjande energiforbruk i Kina som har drive opp oljeprisen som Norge nå nyt godt av. Det interessante og nye ved dette er altså at årsaka ikkje er redusert oljeproduksjon, men auka etterspørsel frå utviklingslanda, i første rekkje Kina. Kina er i tillegg ein så stor importør av råstoff at landet mest aleine står bak den sterke stigninga i råvareprisane globalt dei seinare åra. Stål held på å bli mangelvare. Det var dårleg nytt i vestlege børsar då Kina bremsa veksten, fordi dette faktisk ville ramme vestlege interesser både på import og eksport. Vi ser her ein vanskeleg balansegang. Ein viktig og positiv konsekvens av styrkinga av Asia er likevel at verda ikkje lenger er like avhengig som før av at USA må vere lokomotivet i global økonomi.

DEN STERKE industrielle koplinga mellom Kina, India og Vesten vil sørgje for stabil global tilgang på billeg arbeidskraft. Dette er eit av dei viktigaste utslaga av globalisering. Det store spørsmålet er korleis dei industrialiserte landa skal møte denne situasjonen på lengre sikt, då det vil føre til ennå større tap av arbeidsplassar og eit kraftig press på lønsnivået i industrien i desse landa. Kina er uslåeleg på billeg volumproduksjon. Den tyske Kina-eksperten Wolfgang Hirn meiner at tapet av arbeidsplassar i tradisjonelle industriland vil bli eit av tidenes største globale problem. Då har vi ikkje eingong begynt å diskutere Kinas akutte mangel på reint vatn og trevarer, eller avskoginga som skapar flaumkatastrofer, eller den veldige luftforureininga frå bilar, industri og private vedovnar.

INNAN INDUSTRIEN kjem nå dei meir kunnskapsbaserte produkta etter. Kina er i dag den største produsent og brukar av mobiltelefon, med 320 millionar kundar. Og hovudvekta av mobiltelefonar er av kinesiske merker! Til slik utvikling krevst det god utdanning og forsking, og her har landet teke gigantiske steg framover. Kinesarane har lenge hatt ein plan. Over ein halv million studerer ved gode universitet i Vesten, mange ved dei aller beste. Titusenvis med topp utdanning reiser heim til spennande og utfordrande jobbar, eller skaper nye bedrifter. Samtidig byggjer Kina opp universitet som skal bli på høgde med dei beste amerikanske. Det siste ti-året har utdanninga av ingeniørar i Kina blitt mangedobla. Det same gjeld i ennå større grad for India. Kina og India utdannar i dag like mange ingeniørar og naturvitarar - til saman 1,2 millionar per år - som EU, USA og Japan til saman, ei radikal endring i dette styrkeforholdet på 15 år.

TALENT HAR ALTSÅ Kina mykje av. Bill Gates og Microsoft såg dette tidleg og starta alt i 1998 eit utviklingslaboratorium i Kina. Det viktigaste motivet var nettopp å tiltrekkje seg friskt og billeg talent. Men nå vil mange andre hauste av talenta. I kampen om dei beste hovuda har både Google, Nokia og Sony blitt sterke konkurrentar til Microsoft. I 2040 vil, i følgje Goldman-Sachs, Kina passere USA som verdas største økonomi. I ei verd i endring, er vi klare for Kinas nye rolle? Neppe.