SKEPTISK: Arbeidsministeren har vore flink til å pakke inn forslaga til endringar i arbeidsmiljølova som «mindre tilpasninger» og «økt fleksibilitet», skriver Unio-leder Anders Folkestad.  Foto: Jacques Hvistendahl / Dagbladet
SKEPTISK: Arbeidsministeren har vore flink til å pakke inn forslaga til endringar i arbeidsmiljølova som «mindre tilpasninger» og «økt fleksibilitet», skriver Unio-leder Anders Folkestad. Foto: Jacques Hvistendahl / DagbladetVis mer

Erikssons idyll

Arbeidsministeren mislikar at dei praktiske konsekvensane av hans eigne forslag kjem til synes.

Debattinnlegg

Dagbladet hadde førre veke ein artikkel om konsekvensar av regjering sitt forslag til ny arbeidsmiljølov: Arbeidsdagar på 12 timar, arbeidsveke på 79 timar og 26 søndagar i strekk. Dette fell arbeidsminister Robert Eriksson tungt for brystet. Han likar betre sin eigen versjon. Forslaget er ein meny, der du kan velje fritt, utfrå kva som passar best for deg sjølv.

Så idyllisk er ikkje arbeidslivet. Og det veit arbeidsministeren. I ein kommentar i Dagbladet 20.10. prøver Eriksson likevel å framstille det slik at det er berre dei arbeidstakarane som ynskjer å jobbe søndagar og lange turnusar, som vil få det slik. Statsråden må i det minste kunne vedgå at lova skal gjelde for alle.

Det er heller neppe så lett å seie nei til sjefen, som Eriksson vil ha det. Særleg viss du er ung og mellombels tilsett med svakt rettsvern, slik regjeringa legg opp til. Når det gjeld mellombels tilsette, skriv Eriksson rett nok at regjeringa har foreslått ulike variantar av tiltaka for å hindre misbruk. Med å etterlyse tiltak for å hindre misbruk, innrømmer statsråden at forslaget kan ha skadeverknader.

Det som Dagbladet ikkje skreiv, men som er ligg til grunn, er at regjeringa med dette foreslår å endre hovudregelen for søndagsarbeid. Ein går vekk frå prinsippet om at søndagsarbeid er unntaket til å normalisere søndag som arbeidsdag. Resultatet blir lett meir arbeid på søndagar for dei som jobbar søndagar allereie og ei utviding til å arbeide søndagar for andre.

Respons Analyse har nyleg utført ein opinionsmåling på oppdrag for Unio. Denne viser at folk flest ikkje veit kva forslaget til regjeringa til endringar i arbeidsmiljølova kan føre til av meir overtid og søndagsjobbing. Arbeidsministeren har vore flink til å pakke inn forslaga til endringar i arbeidsmiljølova som «mindre tilpasninger» og «økt fleksibilitet».

Difor er det lett å skjøne at Eriksson mislikar at dei praktiske konsekvensane av hans eigne forslag kjem til synes.