Gått for langt. Tidligere justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (t.h) har tråkket langt over streken. Her med utenriksminister Ine Eriksen Søreide og statsminister Erna Solberg. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Gått for langt. Tidligere justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (t.h) har tråkket langt over streken. Her med utenriksminister Ine Eriksen Søreide og statsminister Erna Solberg. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpixVis mer

Erna er stum som østers

Tause Erna og tause Siv teier, og mange spør seg difor om dei samtykkjer i Amundsens barnetrygdstunt.

Meninger

Steve King, erkekonservativ republikanar, innvalt i Representantane sitt hus for Iowa, har stadig skapt furore med rasistiske utspel. Nyleg sjokkerte han igjen ved å hevde at han ikkje kunne forstå kvifor det er provoserande å påstå at kvite er overlegne andre raser.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Reaksjonane let ikkje vente på seg. Demokratar gjekk straks i strupen på han. Men denne gongen har reaksjonane vore sterke frå hans eigne partifellar òg. Mange av dei har gått offentleg ut og fordømt han. Det har blant anna blitt bestemt at han ikkje lenger får sitte i ulike komitear han har vore medlem i.

Men det er ein som ikkje har tatt offentleg avstand frå King sine raseutspel. Sjølvaste president Donald Trump. Han har inga meining om King sine synspunkt, for dette er noko han «ikkje har fått med seg». Det er så ein kan lure på om han konstant sit og glanar inn i ein mur og går glipp av det som skjer rundt seg.

I Noreg har tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen tenkt i dei same baner som King. Han vil differensiere barnetrygda for å oppretthalde talet på etniske nordmenn. Han er spesielt bekymra for somaliarar som han hevdar får mange barn. Det Amundsen på snedig vis seier, er at han ser på etnisk norske som meir høgverdige og meir verdt å dyrke fram enn andre. Dermed syng han tostemt med Steve King.

Amundsen sitt barnetrygdstunt har sjølvsagt vekt sterke reaksjonar. Rasismekortet har blitt spelt oftare enn på lenge. Han blir fordømt av folk i alle leirar. Den eine politikaren etter den andre har tatt skarp avstand frå utspelet som blir tolka dithen at han ikkje berre vil differensiere barnetrygda, men gjere det same når det gjeld raser.

Framtredande Frp-politikarar går til rette med Amundsen og seier at forslaget er forkasteleg. Det er openbart at Amundsen har gått for langt når til og med partiet sin innvandringspolitiske talsperson, John Helgheim, klart og tydeleg slår fast at dette ikkje er Frp sin politikk.

Men opp i alt våpengnyet Amundsen har avstadkome, er det «intet nytt fra vestfronten». Erna Solberg har vore stum som ein østers. Ho tar ein Trump og har ingen kommentarar. Ikkje eit pip har det kome frå statsministeren sin munn. Ikkje ein gong at «Per-Willy er en liten friskus som bør passe munnen sin». Det trass i at det var hennar eiga nyttårstale som fekk Amundsen til å legge det råtne egget.

Alle som seriøst er redde for at vi skal få eit meir rasistisk samfunn, har venta utålmodig på at Solberg skal komme på banen. Til slutt sende ho barneminister Linda Hofstad Helleland som stedfortredande lynavleiar. Hennar lamme tilbakemelding var at å dele ut barnetrygd etter etnisitet ikkje er regjeringa sin politikk. Så det så.

Siv Jensen, Amundsen sin nærmaste sjef, har og vore østerstum. Ikkje fem minutts pause kunne dei to mektigaste kvinnene i Noreg ta frå regjeringsforhandlingane for å stige ned og klart og tydeleg fortelje det norske folk at rasisme er ein uting som vi ikkje vil ha i dette landet. Tause Erna og tause Siv teier, og mange spør seg difor om dei samtykkjer.

Det er forresten naivt å lulle seg inn i trua på at alle norske menn og kvinner tek avstand frå Amundsen sitt grove tramp i klaveret. Han har heltestatus i høgreradikale kretsar og blir hylla i fjesbokgrupper der det er heilt legitimt å hevde at nordmenn står over andre raser og at norsk kultur er i ferd med å smuldre opp på grunn av multikulturelle globalistar.

Det same er gjennomgangstonen i nettavisa Resett som mange av desse menneska ser på som sitt talerør. Der blir Amundsen tatt kraftig i forsvar, og han får massiv støtte i kommentarfelta. 12. januar skreiv John M. Johansen ein tekst med tittelen: «Per-Willy Amundsen med det beste forslaget på lenge.» Johansen skriv mellom anna at forslaget om å sikre at det etnisk norske folketalet blir oppretthalde ved å differensiere barnetrygda ikkje bare er godt, men tvingande nødvendig. Og i kommentarfeltet tar dei bølgja.

Ansvarleg redaktør i Resett, Helge Lurås, har ei anna tilnærming. «Vestkant-beboer Jonas Gahr Støre beskylder Per-Willy Amundsen for rasisme,» er hans kommentar 15. januar. Han gjer eit poeng av at AP-leiaren bur på Vindern i Oslo. Det hindrar visst Støre i å forstå grasrota. Lurås hevdar at om Støre hadde tatt seg ein prat med folk rundt seg, ville han sett i kva slags farleg retning landet utviklar seg. «Intet sted er snart trygt,» seier ein engsteleg Lurås. Kvar Lurås bur, skal eg ikkje spekulere i. Men ein ting er sikkert; der må det vere skikkeleg utrygt.

I USA fekk det siste rasisitiske utspelet frå Steve King konsekvensar. Å vere utestengd frå komitear, gjer han til ein mindre viktig politikar. Så sjølv om Trump ikkje ser ut til å skjønne kva som er innanfor å seie, er det heldigvis andre som tar ansvar.

Amundsen har heilt klart òg trakka over grenser med det kyniske og hjartelause forslaget sitt. Om det i det heile tatt vil få konsekvensar, anar vi ikkje. Om statsministeren og leiaren av Frp tykkjer det i det heile tatt er noko å ta få veg for, er det ingen som veit.

Det er noko Obstfeldersk dystert over utviklinga vi er vitne til: «Jeg er visst kommet på en feil klode. Her er så underligt-»

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.