STRENG: - Tenk om Listhaug òg hadde instruert om at humanisme, medmenneskelgheit og sunn fornuft skal gjennomsyre og vere rettesnor i alt dei gjer. Men nei, det gjer ho ikkje. Ho korsar seg, toar hendene sine og passar på å skryte av alle ho har fått sendt på dør, skriver Jarl Wåge. Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet
STRENG: - Tenk om Listhaug òg hadde instruert om at humanisme, medmenneskelgheit og sunn fornuft skal gjennomsyre og vere rettesnor i alt dei gjer. Men nei, det gjer ho ikkje. Ho korsar seg, toar hendene sine og passar på å skryte av alle ho har fått sendt på dør, skriver Jarl Wåge. Foto: Bjørn Langsem / DagbladetVis mer

Et land med hjerte som en inntørka rosin

Det er farlig å henge seg opp i enkeltsaker, blir det hevda. Ja, det er det. Da er det lett å la følelser ta over for fornuft. Jeg vil snu på flisa og si at om en kombinerer følelser og fornuft, vil en unngå opprivende og inhumane enkeltsaker.

Meninger

Eg er i tre månaders utlendigheit i fabelaktige Las Palmas de Gran Canaria. Sjølvvalt og friviljug, med eit snev av klimaflukt. Plutseleg ser eg det vidunderlege, kjære, rare, gode, sære, useieleg vakre landet vårt frå utsida. Eg flirer overgjevent av oppglødde debattar om Æ og ein ung herr Høiby og ser kor totalt og latterleg uviktige dei er i den store samanhengen.

Eg les om Vidar som har fillerista Vestlandet slik Vestlandet stadig bli fillerista, og tar meg ein tur ut i milde vindar med snev av sand frå Sahara. Eg les om springflod som trugar med å ta deler av Nordsjøen med seg over kaikanten og inn i butikkar langs bryggjene i Stavanger, Bergen og Måløy. Og eg går ut på terrassen og ser utover det uendelege Atlanterhavet som rullar evige bylgjer som hundrevis av surfarar konkurrerer om å fange og ri innover mot stranda. Stranda som strekkjer seg kilometervis langs byen som ei uvurderleg gåve til alle som bur her. Og eg tenkjer: «Så ufatteleg heldige vi er som får hente det beste ut av land som vi elskar. Og så ufatteleg heldig eg er som er velsigna med månadsvis med ferie slik vi drøymer om at ferie skal vere.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men så er det berre det at hovudet nektar å ta ferie. Dessverre. Heldigvis. President Barack Obama driv og pakkar seg ut av Det Kvite Hus. I bagasjen tek han truleg med seg ljoset, håpet og verdigheita. For inn i det som har vore hans, den usedvanleg flotte kona hans, Michelle, og barna deira sin heim i åtte år, kjem no ein Trump som er så full av seg sjølv at han svevar over vatna som ein ballong. Han og menasjeriet hans skal innta og fylle verdas kanskje mest kjende heim. Mange jublar. Eg har mest lyst å grine. Det er både forstemmande og skremmande å sjå kven amerikanarane har valt til å styre verdast mektigaste land.

Eg har òg lyst å grine her eg sit og ser på kva slags menneske som er valde til å styre mitt storarta fedreland. Landet som har fått æren av å forvalte Nobels fredspris. Landet som set fokus på og premierer humanisme, mot og nestekjærleik i den grenselause samanhengen. Landet som har fostra kvinner og menn som ofra liv og helse for å kjempe for fred og fridom. Noreg, kjempers fødeland, som det så fint heiter.

PÅ JOBB: Mahad Abib Mahamud (30) jobber til daglig som bioingeniør på Ullevål sykehus. Nå venter han på rettsaken som vil avgjøre om han får fortsette livet i Norge eller ikke. Foto: Torun Støbakk /Dagbladet. 
PÅ JOBB: Mahad Abib Mahamud (30) jobber til daglig som bioingeniør på Ullevål sykehus. Nå venter han på rettsaken som vil avgjøre om han får fortsette livet i Norge eller ikke. Foto: Torun Støbakk /Dagbladet.  Vis mer

Plutseleg les om eit land med hjarte som ei inntørka rosin. Landet som gjer statslaus ein mann som kom hit som fjortenåring. Som har vore her i sytten år. Som har utdanna seg til ingeniør, har skaffa seg familie, betaler skatt og bidreg slik samfunnsnyttige menneskje skal bidra. Men UDI trur, reknar med, går ut i frå han laug om nasjonalitet då han kom hit som fjortenåring. Kanskje gjorde han det. Kanskje ikkje. Om han gjorde det, hadde han sine grunnar, går eg ut i frå. Men han var ein unge. Ein unge på flukt. Ein unge som klarte å ta seg frå Afrika, over Middelhavet, gjennom Europa og heile vegen til Noreg i håp om eit betre liv. Og han var heldig. Han drukna ikkje på vegen, blei truleg ikkje utsett for overgrep av kyniske, onde menneskje. Han fann ei frihamn der han kunne fylgje draumen sin, jobbe og utvikle seg til ein vanleg, fullverdig nordmann.

Vi har ein innvandringsminister som har som mål å kaste ut flest muleg innvandrarar. Ho veit at det vil ta seg flott ut på CV-en og gjere seg i taler når valkampen dreg seg til. Ho veit at ho har listhaugianarar (ikkje mitt ord) som krev det av henne. Difor har ho gjeve ekstra pengar til og instruert UDI om å gå gjennom gamle saker og avsløre flest muleg eventuelle juksarar. Og UDI leverer. Må levere, slik sjefen vil.

Sjølvsagt skal vi ha ein streng innvandringspolitikk her i landet. Eit breitt fleirtal i Stortinget har vedteke det. «Streng og rettferdig,» er mantraet. Men kva med human? Burde ikkje det ordet òg bli ein del av eit heller vagt og lite målbart slagord?

Innvandringsministeren sin rådgjevar skuldar på UDI. Dei har ansvaret. Dei skal forvalte lover og reglar. Men UDI vedtek ikkje lover og reglar. UDI får instruksar om satsingsområde og kva som skal prioriterast. Dei instruksane får dei ifrå ansvarleg minister. Tenk om ho òg hadde instruert dei om at humanisme, medmenneskelgheit og sunn fornuft skal gjennomsyre og vere rettesnor i alt dei gjer. Men nei, det gjer ho ikkje. Ho korsar seg, toar hendene sine og passar på å skryte av alle ho har fått sendt på dør

Det er farleg å henge seg opp i profilerte enkeltsaker, blir det hevda. Ja, det er det. Då er det lett å la kjensler ta over for fornuft. Eg vil snu på flisa og seie at om ein kombinerer kjensler og fornuft, vil ein unngå opprivande og inhumane enkeltsaker.

Her sit eg altså i utlendigheit i ferieparadiset mitt og har lyst å grine. Som om det nyttar. Men eg blir òg rørt fordi eg veit at landet mitt er stappfullt av inderleg flotte menneskje. Menneskje som blir like opprørte som eg når vi opplever at humanismen må vike for tal og statistikkar som kan understreke og framheve den «usedvanleg strenge» asylpolitikken Noreg fører. Europas strengaste, faktisk!

Og eg tenkjer: «Måtte alle desse flotte menneskja bestemme seg for at vi ved neste korsveg skal skaffe oss nye leiarar med mindre ego og større hjarte.»