Et språk som aldri tar slutt

Ei mektig og vidfamnande bok med ein inderleg klang.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: I diktsamlinga «Det oavslutade språket» skriv Göran Sonnevi at «Språket är vår gemensamma kropp». Det at det er umogeleg å oppfatta den prosessen me er i når me tenkjer, observerer og kjenner, som noko avslutta og avgrensa, gjenspeglar seg i mange av titlane han har gitt ut.

Frå debuten «Outfört» (1961) til «Det oavslutade språket» (1972), via «Det omöjliga»(1975) og til boka «Oavslutade dikter» frå 1987. I samlingane kan me plukka fram døme på denne tematikken i linjer som dette frå «Mozarts Tredje Hjärna» frå 1996: «Det okända språket kommer innom mig». Dette er også eit stadig tilbakevendande tema i den massive samlinga han har publisert nå:

Ur varje djup blir ny dans möjlig Ser den resa sigur det omöjliga Som i en omöjlig kärlek Den jag vissteinte var möjlig Och ändå var det

Fordjupar seg

«Oceanen» er på nær 420 sider og oppsummerar på mange måtar alt Sonnevi har drive på med som poet. Her er upubliserte dikt som er daterte heilt attende til 1970 og heilt fram til hausten i fjor. Alle dei ulike oppsetta han har jobba med, er representerte. Tekstar med det karakteristiske smale oppsettet frå dei første bøkene, vidare til ei slags sonnevisk urima sonnetteform, men òg det meir oseanisk flytande prosaliknande diktet som utvidar og famnar. Han har halde på med å fordjupa seg i sitt gjenkjennelege prosjekt i 45 år; «Hur går jag djupare inn?»

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer