KULTUR: - Det er ingen som så langt har klart å definere kva norske verdiar er. Forrige kulturminister, Linda Hofstad Helleland, prøvde seg med følgjande oppramsing: Kvikk Lunsj, brunost, Marit Bjørgen, Ole Einar Bjørndalen, dugnad og graut. Dugnad og graut? Foto: NTB/Scanpix
KULTUR: - Det er ingen som så langt har klart å definere kva norske verdiar er. Forrige kulturminister, Linda Hofstad Helleland, prøvde seg med følgjande oppramsing: Kvikk Lunsj, brunost, Marit Bjørgen, Ole Einar Bjørndalen, dugnad og graut. Dugnad og graut? Foto: NTB/ScanpixVis mer

Etnisk rensing er ikke en norsk verdi

Hvilken del av norsk kultur skal råde i det monokulturelle Norge? Bedehuskulturen? Dans på lokalet? Folkemusikk?

Meninger

Norske verdiar er under press. Så kraftig press at statsfinansierte Hege Storhaug og hennar HRS har fluktruta til Polen klar og kan kaste seg i livbåtane om luksusskipet Noreg skulle kollidere med eit isfjell. Kvifor Polen spør du? Eit homogent folk og berre ein religion. Katolisisme, riktignok.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Mange er viljuge til å kjempe til siste andedrag for norske verdiar. Dei ønskjer seg høge innvandringstette murar rundt landet. Ei slags Festung Norwegen. Bare på den måten kan visst norske verdiar forbli norske.

Det er bare ein hake. Ein gedigen hake: Det er ingen som så langt har klart å definere kva norske verdiar er. Forrige kulturminister, Linda Hofstad Helleland, prøvde seg med følgjande oppramsing: Kvikk Lunsj, brunost, Marit Bjørgen, Ole Einar Bjørndalen, dugnad og graut. Dugnad og graut? Tja.

Ein annan tidlegare minister sa følgjande: «Her i landet spiser vi svin, drikker sprit og viser ansiktet.» Eit utsagn som fekk fundamentalistiske kristne som ho elles er på særdeles god fot med, til å sette bedehuskaffien i vrangstrupen og gispe etter luft. Visste ho ikkje at brennevin er eit satansprodukt?

Ministeren blei forresten nyleg nedgradert til Stortinget, eller ein barnehage, som ho kallar det. Ho skaut seg nemleg sjølv i foten og hissa på seg heile opposisjonen, inkludert regjeringspartiet Venstre, ved å hevde at dei prioriterer terrorisme framfor det norske folk sin tryggleik. Fleirtalet i «barnehagen» med Knut Arild-utan-ryggrad-Hareide som tunge på vektskåla, hadde ikkje lenger tillit til henne.

Frå sandkassa si uttalte ho nyleg at Jonas Gahr Støre, hovudfiende over alle fiendar, ikkje står opp for vestlege verdiar. Om det er fordi han ikkje et nok svin eller drikk nok sprit, veit eg ikkje. Det har i alle fall ikkje blitt rapportert at han dekkjer til ansiktet, så det kan det ikkje vere.

I høgreradikale kommentarfelt brenn dei òg for diffuse norske verdiar. Multikulturalisme, som blant andre 22. juli-terroristen rangerer på farenivå omtrent med atomåtak, er eit gjennomgangstema. Det må bety at dei vil ha monokultur i staden? Eg blir augeblikkeleg idiotforklara om eg skulle finne på å spørje kva slags del av norsk kultur som skal bli den rådande? Bedehuskulturen? Dans på lokalet? Folkemusikk?

Men verdiforkjemparane vil gå lenger enn som så. Dei vil ha eit muslimfritt Noreg. Eigentleg vil dei kaste ut alle ikkje-vestlege, ikkje-kristne innvandrarar. Ein halv million menneskje skal altså ut av landet. Det blir klondyketilstandar for flyselskap, men eit helvete å finne folk som kan fylle jobbane til dei som blir kasta ut.

Eg prøver å påpeike at etnisk rensing ikkje er ein norsk verdi. At ein tyskar som tok livet av seg 30. april 1945, prøvde å skape ein nasjon med berre ein rase. Eg seier aldri namnet hans, for då klagar dei meg for hitling. Det fell aldri i god jord når eg seier sånt. Eg blir straks kalla landssvikar. Eller quisling, som det heiter på engelsk.

Skulle eg finne på å nemne at Qusling var heilt einig med tyskaren og til og med oppfordra han til å okkupere Noreg og innlemme oss i eit storgermansk rike, blir eg beden om å lese meg opp på historie. Hevdar eg at Qusling, om han hadde levd i dag, truleg hadde vore medlem i same høgreradikale FB-gruppe som dei sjølve, får eg greie på at eg er sosialistekstremist, og det var visst Quisling og han tyskaren òg.

Kong Harald har enkelte gongar klart å gjere meg til nesten-rojalist. Som då han heldt sin vakre og vidgjetne tale i Slottsparken i samband med ein hagefest 1. september 2016. Der snakka han om kva som er det norske og kva som kjenneteiknar nordmenn. Han sa mellom anna at Norge framfor alt er menneskje. At nordmenn er folk frå heile landet. Men at nordmenn også har innvandra frå Pakistan, Sverige, Syria. At det vi kallar heim, er der hjartet vårt er. At nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og ingenting.

Det er så vakkert og klokt og enkelt. Han kokar norske verdiar ned til å vere raus aksept av ulikskap og mangfald. Ikkje rart at talen gjekk viralt.

Men det enkle er visst ikkje alltid det beste. Kongen sin tale fall langt frå i god jord hos alle. «Islam-skremmeren» Hege Storhaug meinte han var hjernevaska.

«Arbeidarpartiet for rikfolk flest», Frp, var 1. mai med på å feire arbeidarane sin dag. Dei har definitivt ikkje ei like avslappa haldning til innvandring som Kong Harald. Den eine Frp-politikaren etter den andre gjev innvandring skulda for alt som er galt i samfunnet og let fullstendig til å ha gløymt at dei sjølve har hatt makta dei siste fem åra.

Nyutnemnd justisminister frå Frp, Tor Mikkel Wara, den fjerde i rekka etter at dei andre kom, såg og forsvann, gav nyleg innvandring skulda for gjengkriminalitet i Oslo. At det kan ha noko å gjere med kriminalitetsførebyggjande politikk, eller manglande sådan, som har blitt ført dei siste åra, var totalt fjernt for han.

Slik er stoda i nasjonen Noreg for tida. Nokon har open billett til Polen. Sylvi Listhaug sa i sin 1. mai-tale at ho skal kjempe så lenge det er pust att i henne for at forhatte Gahr Støre aldri skal komme til makta og øydeleggje norske verdiar. Andre har lågare skuldrer og ein naivistisk tillit til at dei fleste problema våre blir det ikkje noko av.