Wara-saken:

Etter kvart har det vakse fram i meg eit stort sinne

Hetskampanjen frå folk i regjeringspartiet mot folka bak «Ways of seeing» har ikkje stått særleg tilbake for det vi kan sjå i kommentarfelta.

Har kritisert: Tidligere justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (t.h.) og tidligere justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug har rettet hardt skyts mot Black Box. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Har kritisert: Tidligere justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (t.h.) og tidligere justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug har rettet hardt skyts mot Black Box. Foto: Berit Roald / NTB scanpixVis mer
Meninger

«Virkeligheten overgår alt», er Dagbladet sitt slagord. Av og til skjer det hendingar så overveldande, så sjokkerande, så absurde at eg tenkjer at dette er for digert for mitt tastatur. I alle fall til eg får det på avstand og kan fordøye og forstå det som har skjedd.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

9/11 var ei slik hending. 22/7 ei anna. Ekstremisme, terrorisme, hat og ondskap regissert på ein måte ingen filmskapar hadde hatt fantasi til å sette i scene.

Sist torsdag slo ei nyheit ned som ei bombe i vår heimlege andedam. Sambuaren til justisministeren blei sikta for å ha tent på familien sin bil for å få det til å sjå ut som åtak på henne og familien.

Eg tenkte: «Dette er så hinsides absurd at eg ikkje skal skrive om det.» Og det skal eg ikkje. For alt eg veit, er ho uskuldig. Førehandsdømming vil eg ikkje vere med på. Dessutan har eg full respekt for at Tor Mikkel Wara er i ein «dramatisk vanskeleg situasjon», som Erna Solberg og Siv Jensen har understreka.

Likevel sit eg her og klaprar på tastaturet. Etter kvart har det vakse fram i meg eit stort sinne. Det eg har null respekt for, er at framtredande Frp-arar i månadsvis har drive ein hets- og hatkampanje mot Black Box teateret som sette opp stykket «Ways of seeing» før jul. Eit stykke der diffuse bilde av justisministeren og andre samfunnstoppar sine hus var ein del av kulissane.

Hetskampanjen frå folk i regjeringspartiet har ikkje stått særleg tilbake for det vi kan sjå i kommentarfelta til høgreradikale Resett og «Ja til bilen i Oslo» når det er nokon som skal få skikkeleg tyn. Politikarane har oppnådd det dei ville. Black Box har vore utsette for eit frykteleg press og mottatt trugsmål så grove at dei har meldt det til politiet.

I etterkant har det vore hærverk og bilbrann på Wara sin eigedom. Det er mellom anna dette som har utløyst sinne hos Frp-politikarar. Dei har halde teateret ansvarlege for at heimen til Wara har vore «under beleiring».

Sist ut var Sylvi Listhaug. På Facebook leverte ho følgjande kraftsalve dagen før Wara sin sambuar blei sikta: «Pia Maria Roll forsøker å framstille seg og teateret som et offer (Look who`s talking!). Hun er ikke et offer men en produsent av et teaterstykke som kan være grunnen til at Wara og familien hans utsettes for hærverk, trusselbrev, bilbrann og ikke kan føle seg trygge i sitt eget hjem.»

Dette, forfatta av ein tidlegare justisminister, er så inn i hampen drygt at Listhaug var rask å slette det etter siktelsen. Men aldri om Sylvi-when-sorry-seems-to-be-the-hardest-word-Listhaug har tenkt å be om unnskyldning. Erna Solberg, som ikkje har sett stykket, har òg kritisert det. Ho ser heller ingen grunn til å unnskylde, «for dette har jeg peiling på».

Dagen etter dette dramaet vakna vi opp til terror og massedrap mot moskèar i New Zealand. Høgreekstrem terrorisme med medfølgjande manifest som etter sigande er inspirert av ABB.

Dette fekk Hadja Tajik og Raymond Johansen til å gå ut i VG og slå fast at vi aldri har tatt ei skikkeleg oppgjerd med rasismen og ekstremismen til vår heimlege terrorist og at det er på tide å gjere brei front mot desse haldningane. Dei har så inderleg rett. I nokre år har eg engasjert meg i kampen mot rasisme. Blant anna ved å operere «undercover» i høgreekstreme grupper for å skrive om og avsløre brungrumset der.

Teaterstykket «Ways of seeing» hadde som formål «å sette søkelys på nettverkene som har interesse av å gjøre Norge til et mer rasistisk samfunn», som det stod i programmet. Det namngjev både politikarar og Resett sine rike onklar. Noko som trigga raseriet vi ser mot teateret. For ingen må våge å kalle ein spade for ein spade når det gjeld rasisme.

Men det må vi våge. Sjølv om det kostar å stå i stormen. I fleire kronikkar har eg oppfordra Frp til å sette ned foten mot rasisme i eigne rekkjer og blant sympatisørar. Ikkje sånn halvhjarta tramping i golvet, men så ettertrykkeleg at rasistar høyrer og ikkje er i tvil.

Då får eg så øyra flagrar i kommentarfelta. Eg brunbeisar, hitlar, er landsforrædar og svik norske verdiar. Enkelte, som insisterer på at Hitler var sosialist, kallar meg nazist. Det som nesten er komisk, er når fem, seks høgreradikale våpenbrødre mobiliserer til felles åtak på Twitter.

Frp har aldri sett foten hardt nok ned. Sylvi Listhaug er, anten ho vil det eller ei, heltinne i høgreekstreme grupperingar. «Vår tids Jeanne d´Arc og vårt blonde nordiske håp». Då høgreekstremistar var blant dei som stilte i støtteaksjon for henne utanfor Stortinget, sende ho takkevideo i staden for å gje dei ei kald skulder.

Før jul demonstrerte høgreradikale grupper mot FN sin migrasjonsavtale. Frps Jon Helgheim skulle vere ein av talarane, men måtte dessverre melde avbod.

Det som gjer Tajik og Johansen sitt utspel sist fredag så inderleg viktig, er at nazisme og rasisme stadig meir frimodig tør å vise sine stygge ansikt i full offentlegheit.

Dei marsjerer i gatene, sieg-heilar og vil reinske landet for muslimar som dei med rein nazisjargong kaller rotter og kakerlakkar. Dette er så grotesk at eg i alle fall blir med vidare i kampen mot hat og menneskeforakt så ikkje historien innhentar oss.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.