EU og eg

Det er i dag 59 år sidan den franske utanriksministaren Robert Schuman gjorde framlegg om ein kol- og stål-union mellom Frankrike og Tyskland, og altså tok initiativet til det vi no kjenner som EU. Ein kunne lett tru at dagen har noko med Europa å gjere – han heiter jo faktisk Europadagen. Men til liks med Europaflagget og Europahymnen er dette reine EU-prosjekt. Noreg har rett nok aldri meldt seg inn i EU, men kva tid meldte vi oss ut av Europa?

Vi er stolte over å vere ein del av den (rett nok litt diffuse) europeiske kulturen. Ikkje det at fred, språkmangfald eller demokrati berre er europeisk, men dette er likevel ein tradisjon vi assosierer med noko positivt. Verre blir det når sterke krefter prøver å få oss til å tenkje at desse ideane fyrst og fremst høyrer til i EU.

Ei undersøking gjort av det EU-leidde meiningsmålingsinstituttet Eurobarometer i 2005 syner at berre fire prosent av dei spurde meinte dei var utelukkande europearar. Undersøkinga galdt dei 15 "gamle" medlemslanda, og synte at 45 prosent, eller elleve gongar så mange, meinte dei berre hadde ein identitet knytt til nasjonaliteten sin.

Same undersøkinga synte at 49% av dei spurde meinte det ikkje finst ein felles kulturell identitet delt av alle europearar (vår omsetjing), medan eit mindretal på 38% meinte ein slik identitet finst. Vi bør ta desse undersøkingane med ein klype salt av di dei ikkje skil mellom EU og Europa. I våre auge er EU på tunn is når dei freistar konstruere eit bilete av ein felles identitet for irar, katalanarar og slovakarar som ikkje sveitsarar eller nordmenn får ta del i. Og er det sånn at samane i Sverige er ein del av denne eininga, medan samane på norsk side av grensa ikkje er det? Her får identitetsbyggjarane eit problem i møte med røynda.

Kva er ein nasjon? I våre auge er nasjonen fyrst og fremst dei menneska som kjenner tilhøyrsle til denne eininga, og ikkje den jorda dei trakkar på eller den statsmakta som står over dei. Nasjonsbygging er noko som bør kome nedanfrå, og som innbyggjarane sjølve opplever som ekte og viktig. Eit døme kan vere flaggdebatten i Oslo: Aften Aften fløymer over av lesarbrev for og mot, av di dette er eit viktig spørsmål for nordmenn. Kven bryr seg om flaggreglane på Europadagen 9. mai?

Det vanlege i EU er å ikkje bry seg. Ein tydeleg illustrasjon på dette er deltakinga ved valet til europaparlamentet i 2004, der fleirtalet gjorde alle moglege andre ting enn å røyste. Gjennomsnittsdeltakinga i EU låg på 45,6%, og dette inkluderer eit par land med røysteplikt. I dei nordiske medlemslanda låg deltakinga på 42,3%. Likevel har EU ambisjonar om å vere noko langt meir enn ein union for praktisk politikk. Etter Maastricht-avtalen frå 1992 har utdanninga i alle medlemsland hatt plikt på seg til å fremje den europeiske dimensjonen: Undervisinga skal altså fyrst og fremst leggje vekt på kva medlemslanda har sams, i staden for ei open drøfting om likskapar og skilnader innetter i EU. Eit kjent og grelt døme er Captain Euro. Dette er ein nett-teikneserie der helten Captain Euro er ein «diplomatic hero - the symbol of European unity and values», som EU sjølve skriv det på heimesida. Han kjempar mot Doctor David Viderius, eller berre D Vider, som ynskjer å splitte EU.

Jamvel i Noreg kan ein sjå spor av det same. Lærebøker i samfunnsfag og samfunnslære på vidaregåande tek jamt over ikkje opp det manglande tilhøvet mellom EU og medlemsborgarane. Dersom du er elev og kunne tenkje deg å lese om den låge valdeltakinga i EU-val, må du sjå ein annan stad enn læreboka. Historie 2, utgjeven på Cappelen, flaggar som kapitteloverskrift om Folkerøystinga i 1994 at «Norge gjentar sitt nei til Europa». Dette smakar ikkje nett av nøytralitet, og gjev ikkje grunnlaget for at skuleungdom skal få gjere seg opp ei meining bygd på argumentasjon frå båe sider i denne striden.

Vi treng ein debatt om EU og identitetsspørsmål. I Noreg har EU-ordskiftet for det meste dreidd seg kring spørsmål om økonomi, landbruk, fisk, utanrikspolitikk og andre «harde» emne. Ja-sida har gjort «mjuke» argument til ja-argument. Terminologi som samhald, deltaking og fellesskap klarer likevel ikkje å skjule den grove mangelen på demokrati i EU, og at unionen freistar dekkje over dette gjennom aktiv identitetsbygging.

Det er på tide at EU-tilhengjarane flaggar ståstad i denne saka. Den norske ja-sida bør bruke Europadagen på å tenkje gjennom om spørsmål som: Kva meiner dei eigentleg om at EU brukar enorme summar på å skape ein EU-identitet som dei prøver å pådytte medlemsborgarane sine? Og er dette noko vi ynskjer oss i Noreg?