Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

DEBATT

Debatt: EU

EU-tilhengerne meir katolske enn paven

I den stoda vi er vil EU-medlemskap lama eksporten og føra oss ut i djup krise.

EUROPAMINISTER: Marit Berger Røsland (H) varslar ny EU-strategi. Foto: Henning Lillegård / Dagbladet
EUROPAMINISTER: Marit Berger Røsland (H) varslar ny EU-strategi. Foto: Henning Lillegård / Dagbladet Vis mer
Meninger

EKSTERNT BIDRAG: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Europaminister Marit Berger Røsland varslar ny EU-strategi. I kvart storting har H + Ap-toppen + Frp-toppen prøvt å forandra Grunnlova slik at Stortinget skulle kunna melda oss inn utan å la folket avgjera saka med sitt ja eller nei.

Mislukka strategi. I tjue år har dei aldri fått fleirtalet som trengst for å få til slik kupp-innmelding.

Kva ny strategi skal gå ut på, talar statsråden om i uklare vendingar. At siktemålet stadig er norsk medlemskap, går fram av ordbruken. «Vi må være med i prosessen». «Vi kan ikke være gratispassasjer», og vår velstand sikrar vi gjennom europeisk samarbeid.

Kalde tal og fakta talar eit anna språk. Då finanskrisa var blitt djup økonomisk EU-krise, såg det stygt ut for norsk eksport. Ein suveren norsk stat hadde ei enkel og god løysing. Noregs Bank sette ned kronekursen med 20 prosent. Dermed blei norske eksportvarer så mykje billegare. Eksportnæringane går glimrande fordi vi kan føra eigen finanspolitikk så vi sjølv set fast rente og kronekurs.

Det er dette den økonomiske unionen set bom for; dette er den økonomiske unionen. Så kan alle sjå at i den stoda vi er vil EU-medlemskap lama eksporten og føra oss ut i djup krise. «Gratispassasjer», liksom?

For ein gjensidig økonomisk avtale, EØS, betaler vi einsidig svære milliardsummar til fattige medlemsland som EU-systemet ikkje får på fote. Fram til tusenårsskiftet var det ei utbreidd tru at EU kom til å lyfta dei fattige medlemslanda. Det går motsett. I dei rikaste landa og dei som før greidde seg nokolunde, går det kraftig nedover. Dette veit òg dei norske partia som aldri vil slutta å vera ja-parti. Det finst eit ord om å vera meir katolsk enn paven.

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!