Europarørslas sorgarbeid

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

EU: Eit innlegg i Dagbladet 23. september frå generalsekretær i «Europarørsla», Grete Berget, kan tyde på at sorga der i garden over manglande norsk EU-medlemskap slett ikkje har lagt seg. Berget hadde late seg provosere av mitt initiativ for å få endra forbodet mot å ta med flytande innhald på meir enn 1 dl i handbagasjen til flypassasjerane. Berget tek feil når ho hevdar at norsk påverknad på politikkområde som EU forvaltar er illusjonsmakeri.

EU hasteinnførde regelen som eit mellombels tiltak i november 2006, og den vart gjort gjeldande også i EØS-landa. Etter eit knapt år og mykje frustrasjon, bør vi etter mitt syn ta ei ny vurdering. EU-kommisjonen ser ikkje ut til å ønskje det, men eg har i samtalar med europeiske ministerkollegaer i og utanfor EU møtt mykje forståing. Eg held derfor fram arbeidet.

At eit fleirtal i EU-parlamentet nyleg meinte det same er òg interessant, sjølv om organet ikkje har vesentleg makt i saka, motsett det Berget hevdar.

Det er ikkje nye tonar frå ein Sp-statsråd at vi kan og vil styre eigen politikk på område der EU har vedteke direktiv. Det er for det første hovudgrunnlaget for at det er klokt av det norske folk å seie nei til medlemskap. Vidare er det eit vilkår for ein nasjonalt ansvarleg politikk innanfor EØS-avtalen. Dette viser sitjande regjering i ord og handling at vi legg til grunn. Som ferske døme nemner eg gjeninnføring av differensiert arbeidsgjevaravgift, reversering av postliberaliseringa, vidareføring av heimfallsretten og nasjonalisering av speleautomatmarknaden.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer