KLIMAKYNDIG: Erna Solberg har slått til mot kyr og sau fordi dei prompar og rapar for mye. Nå hastar det å få pinnekjøttet i hus til jul -  før den påstått handlekraftige statsministeren forbyr det. Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB Scanpix
KLIMAKYNDIG: Erna Solberg har slått til mot kyr og sau fordi dei prompar og rapar for mye. Nå hastar det å få pinnekjøttet i hus til jul - før den påstått handlekraftige statsministeren forbyr det. Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB ScanpixVis mer

Få pinnekjøttet i hus - før statsministeren forbyr det

Ny sesong i den høgrevridde komedien om statsbudsjettet.

Kommentar

DENNE VEKA fekk Anneke von der Lippe ein slags Emmy for rolla som lensmann Helen Sikkeland. Statsråd Willvey gratulerte og tok på seg ein del av æra. Ho har mange kulturpolitiske forbrytelsar å svara for, men bygger nordiske broer over grensene ved å annektera danske TV-drama.

NORSKE SERIAR slår også an. Haustens budsjettforhandlingar mellom segway-regjeringa og støttehjula var ein pirrande dramakomedie i såpesjangeren. Etter det Kristelig Folkepartis Hans Olav Sørensen kalla lange dagars ferd mot natt, slutta det med ein cliffhanger, forkledd som happy ending. Det gjekk bare to dagar før øyevitnet og bistandsarbeidaren Knut Arild Hareide følte seg lurt, så det ligg an til ein ny og grensesprengande sesong.

BUDSJETTKAMERATANE frå KrF og Venstre gjorde eit dårlig statsbudsjett litt mindre dårlig. I ein spent internasjonal situasjon, der Jens Stoltenberg solidariserer seg med det tyrkiske bombeflyet i 17 sekund, fekk det frivillige skyttarvesenet 500000 ekstra. Det gjorde også Institutt for sjelesorg på Modum bad. Soppkontrollen blei redda, ymseposten blei slanka, skattekutta kutta, avgiftene auka, og det skal tas meir utbytte frå Telenor og statens selskap. Flyseteavgifta på 80 kroner er omlag det same som flyselskapa tar for setereservasjon. Bare vi gifte pensjonistar kom ufortent godt ut.

DET VAR EIT fortenestefullt, men stort og bortkasta arbeid av støttepartia, for i neste episode kjem den høgrevridde magikaren Siv Jensen som vanlig til å trylla bort alt dei oppnådde, slik at dei må begynna på nytt att. Dei får trøysta seg med Alf Prøysen, som blei hylla på dødsdagen 23. november: «Du skal få en dag i mårå, som rein og ubrukt står, med blanke ark og farjestifter tel. Og da kæin du rette oppatt æille feil ifrå i går, og da får du det så godt i mårå kveld. Og om du itte greie det og æilt er like trist, så ska du høre suset over furua som sist.»

STATOIL HELD SEG med ein bærekraft-direktør. Det høyrest ut som klassisk nytale eller contradiction-in-terms. Omtrent som å vera etikk-direktør i Telenor med ufullført bachelorgrad frå distriktshøgskulen i Bø. Eller høgrevridd homorist. Eller menneskerett-talsmann i Fremskrittspartiet. Då Hans Andreas Limi prøvde å seia asyltilstrømming, kom også det ut som asyltilstramming, for det hjertet er fullt av, strøymer munnen over med.

BOLKESJØ, med sine to konkursramma turisthotell, har kome i vinden igjen. Så folksamt og spent har det ikkje vore på Dolkesjø sidan Fremskrittspartiets hadde landsmøte der i 1994. Då utviste då Carl I. Hagen liberalistar og fridemokratar slik at dei måtte flykta og søka politisk asyl i parti med mindre streng grensekontroll.

DEN klimakyndige Erna Solberg frå Bergen har slått til mot kyr og sau fordi dei prompar og rapar for mye. Nå hastar det å få pinnekjøttet i hus til jul - før den påstått handlekraftige statsministeren forbyr det. Noe må jo Tine Sundtoft ha med til Paris.