Fabelaktig fri språkføring

Original dikting som vågar å samle lys inn frå verda og det sterkaste i modernismen.

BOK: For underteikna er dette årets boktittel: «Riket er vårt, damti damti!» Og Hatløy er i ferd med å markera seg som norsk poesis nye doldis. Han har dimensjonar som får meg til å tenkja på Gunnar Bjørling, og han er utruleg konsekvent der han med nærast dadaistisk energi utforskar kva ei kosmisk leikande haldning kan få det norske språket til å utføra. I si sjette diktsamling har han kome så langt at det tek tid for lesaren å følgja han inn i dette språklege universet der så mykje underleg kan skje.

Livskjensle

Men når ein kjenner at eiga livskjensle vert samstemt med Hatløy si, så finst det mykje gjenkjenning og ei veldig glede over rørslene i verda. Og det er ei famnande lysdikting han gjev oss, og han fokuserer både på det vesle livet i ein pyttbotn og på «alle luftalvar heilt der nede til venstre/inni skosolanes kvarkselskap» .

Det er totalt urefererbart det som skjer i ein lesar gjennom dikta, fordi det er både stort og lite, stille og jublande. Det er som om diktaren maktar å få orda til å seia noko som ein etterpå ser ikkje står der:

får noko trasig til å skine som ei sol

laga av 10000 svaleblikk

stormande kring husa

slike berre vil oppmuntre nedover i rekkene og sår

med svarte korn i den mystiske åkeren deg

Eg vert rett og slett overvelda av desse dikta der dei «sender varmare land rett inn i ditt indre/med sommarfuglar/slår deg med slikt giraffane skriv».

Naturen

Heile tida er det som om naturen vender seg mot diktaren og vil ha kontakt, vil nærme seg og trengje inn i medvitet, og ordet med-vit får ein ny dimensjon: «dette mitt nyaste møte er heldig:/den bøygde lavforsamling/eit filigranslør vil til meg» heiter det i eit dikt om lav, om «lauvlikande lav» , om «lavsyskena» .

Men og ein kvardagsleg ting som eit armbandsur kan vekkje nye og intense kjensler: «Kor vilt mitt handledd ler og leddar/eg set armbandsur på, så luraste tid rislar i ryggmargen». Og sjølvsagt, ein slik levande energijubel som dette dansar tett med døden:

denne verdens rørsler

har no berre desse kroppane våre til å sjå seg med

vi som når vi ligg stille dansar likevel

før vi listar oss inni kvite kistelok

til å byrje med

Men dette er dikt som er «høgt dekorert av liv» og som òg skapar språk for gleda, ja eit språk som «vil lyftas heilt opp/til den hjartelege latterens umissande heimstader».